MotoGP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MotoGP-køyrarane Loris Capirossi, Nicky Hayden og Valentino Rossi under Malaysian Grand Prix i 2005.

MotoGP er det mest prestisjefylte meisterskapet innan motorsykkelsporten roadracing. Meisterskapet er inndelt i tre klassar: 125 kubikkcentimeter, 250 kubikkcentimeter og MotoGP (tildegare 500 kubikkcentimeter) som er den øvste klassen.

MotoGP nyttar motorsyklar som er føremålsbygde for konkurranse. Dette skil MotoGP frå Superbike, som nyttar syklar som er godkjende for offentlege vegar. MotoGP kan difor seiast å vera motorsykkelsporten sitt formel 1. MotoGP vart arrangert av Fédération Internationale de Motocyclisme for første gong i 1949.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]