Motorik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Motorik er eit omgrep skapt av musikkjournalistar for å skildre ein 4/4-rytme som krautrockband som Neu! og Kraftwerk nytta. Ordet «Motorik» tyder motorikk på tysk, men opphavet i denne tydinga kan syne til det engelske «motoric» eller motorisk, eller ein kombinasjon av «motor» og det tyske «Musik».

Namnet kjem truleg frå den repeterande, men likevel framoverretta rytmekjensla, som har vorte samanlikna med det å køyre på ein motorveg. Motorik-rytmen vert til dømes nytta i ein del av Kraftwerk-stykket «Autobahn», ein song som hylla akkurat dette. The Velvet Underground vert ofte nemnd som ei inspirasjonskjelde for krautrocken og trommestilen til Moe Tucker har ofte vorte skildra som motorik-aktig.[1]

Motorik-rytmen går i 4/4-takt i eit moderat tempo. Mønsteret vert repetert i kvar takt gjennom heile songen og ofte vert ein splash- eller ein crash-cymbal slått på i byrjinga av eit vers eller refreng.

Det grunnleggande mønsteret er:

Takt 1 + 2 + 3 + 4 +
Hi-hat x x x x x x x x
Skarptromme - - x - - - x -
Basstromme x x - x x x - x

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chris Jones (21 June 2007). Review of "The Velvet Underground & Nico" for the BBC. Henta 6. april 2013.