Motors TV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Motors TV var ein fransk sportskanal som sende dokumentarar og nyhende om motorsport og bilar og dekkjer ei rekkje billøp. Kanalen sender 24 timar i døgnet med kommentering på engelsk. Kanalen starta med sendingar 1. september 2000. I Noreg er Motors TV tilgjengeleg hjå digitaltv-leverandøren Canal Digital. Opphavleg var kanalen ein del av programpakka Sport Select, men vart i september 2009 inkludert i både Family og Entertain.[1] 30. september 2018 blei kanalen avikla, då selskapet bak kanalen gjekk konkurs.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.canaldigital.no:Produktendringer september 2009, arkivert frå originalen 2. september 2009, henta 9. september 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]