Motutapu Island

Koordinatar: 36°45′S 174°55′E / 36.750°S 174.917°E / -36.750; 174.917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Motutapu island markert med raudt).

Øya Motutapu Island (eller berre Motutapu) ligg i Haurakigolfen noraust for AucklandNew Zealand. Ho er ein del av det verna området Hauraki Gulf Maritime Park.

Det fulle namnet til øya — som sjeldan vert nytta — erTe Motutapu a Taikehu, «Den heilage øya til Taikehu». Taikehu skal ha vore ein tohunga (stammeprest) i Tainuiiwien. Motutapu, som tyder «heilag» eller «heilagdom», er ei nemning som vert nytta om fleire ulike øyer i polynesiske kulturar.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er no bunden saman med den mykje yngre vulkankjegla til øya Rangitoto Island med ei kunstig landbru. Før utbrotet til vulkanen, hadde øya vore busett av māoriar i meir enn 100 år. Utbrotet, som fann stad for om lag 700 år sidan, øydela busetnadane deira, men der er indisie på at somme av innbyggjarane kan ha kome unna utbrotet, truleg i waka (kanoar). Av dei mange arkeologiske utgravingane som er gjorde, viser ein fotspor frå menneske i forsteina oske. Dei har vore verna frå erosjon av eit oskelag frå det neste utbrotet.

Vulkanoska vart til eit nytt lag med grøderik jord, og busetnadane vart snart bygde opp att. Mange av dei arkeologiske funna tyder på at sjøfuglar og skaldyr var ein viktigare del av kosthaldet enn det som vart dyrka på land. Der er leivningar av fleire pa på øya.

Under den andre verdskrigen var øya ein viktig del av kystforsvaret. Militære tunellar og bunkerar er enno å sjå på øya. Landbrua, som er ganske brei, vart bygd på denne tid for å letta sambandet mellom Motutapu og Rangitoto.

I dag manglar øya skog, slik det finst på naboøya Rangitoto Island, og det meste av jorda er grasmarker og marskland. Det er få store tre på øya.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vaka Moana - Voyages of the Ancestors - Howe, K.R. (Editor), side 33

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

36°45′S 174°55′E / 36.750°S 174.917°E / -36.750; 174.917