Mount's Bay

Koordinatar: 50°03′29″N 5°25′13″W / 50.0580°N 5.4204°W / 50.0580; -5.4204
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount's Bay
bukt
Mount's Bay sett frå helikopter
Land  Storbritannia
Del av Den engelske kanalen
Kart
Mount's Bay
50°03′29″N 5°25′13″W / 50.058°N 5.4204°W / 50.058; -5.4204
Wikimedia Commons: Mount's Bay

Mount’s Bay er ei stor bukt i Den engelske kanalen på kysten av Cornwall i Storbritannia. Ho strekkjer seg frå Lizard Point til austsida av halvøya Land's End. Dei verna områda har vorte nytta som ei naturleg hamn sidan antikken. Mot midten av bukta ligg St Michael's Mount, som kan ha gjeve namn til bukta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mount's Bay

Mount's Bay er den største bukta i Cornwall. Halvmåneforma er liknande Donegal Bay i Irland og Cardigan Bay i Wales, men Mount's Bay er langt meir verna enn dei to andre.

På stranda nær Ponsandane, like aust for Penzance, kan ein sjå spor av ein nedsøkkt skog ved fjøre sjø i form av fossilar av fleire trestammer. Geologar meiner at det var skog her før den siste havstiginga. Dette samsvarar med det korniske namnet på St Michael's Mount, Carrack Looz en Cooz – som tyder «den grå steinen i skogen».

Den 1. november 1755 skapte Lisboajordskjelvet ein tsunami som råka kysten av Cornwall rundt kl. 14. Ved Mounts Bay steig havet raskt 3,5 meter, men det vart registrert få skadar.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire kystbyar og landsbyar langs Mount's Bay og den største av desse er Penzance. I vest er Newlyn, Paul, Mousehole og Lamorna og i aust er Marazion, Perranuthnoe, Praa Sands, Porthleven og Mullion. I bukta finst mange strender, viker og kjennemerke som Prussian Cove, Loe Pool (og Loe Bar), Church Cove, Poldhu Cove og Kynance Cove.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°03′29″N 5°25′13″W / 50.0580°N 5.4204°W / 50.0580; -5.4204