Mount Bagshawe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Bagshawe
fjell
Land  Antarktis
Topp Palmer Land
 - koordinatar 71°25′S 67°14′W / 71.417°S 67.233°W / -71.417; -67.233
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Bagshawe
71°25′00″S 67°14′00″W / 71.4167°S 67.2333°W / -71.4167; -67.2333
Mount Bagshawe is located in Antarktis
Mount Bagshawe (Antarktis)

Mount Bagshawe er det sørlegaste og høgaste av Batterbee Mountains, 2200 moh, som står 8 nautiske mil (15 km) innover frå George VI Sound på vestkysten av Palmer Land. Fjellet vart oppdaga og fotografert frå lufta den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth, og vart kartlagd frå bilete av W.L.G. Joerg. Det vart kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1954 etter sir Arthur W.G. Bagshawe (1871–1950), ein britisk ekspert på tropisk medisin, som skapte eit særskild fond for å dekke utgiftene for det biologiske utstyret for BGLE, 1934-37.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Bagshawe» (innhald frå Geographic Names Information System).