Mount Craddock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 78°38′S 85°12′W
Mount Craddock
fjell
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 - høgd 4 368 moh.
 - koordinatar 78°38′S 85°12′W
Førstestiging januar 1992
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Craddock is located in Antarktis
Mount Craddock (Antarktis)

Mount Craddock er eit stort, bratt fjell heilt sør på Craddock Massif i Sentinel Range]. Det har ei høgd på 4 368 meter over havet og grensar til Karnare Col og Mount Strybing sør i Sentinel Range. Det er det niande høgaste fjellet i Antarktis og vart først klatra i januar 1992.

Namnet Mount Craddock vart opphavleg tilrådd av US-ACAN i 1965 om det som i dag heiter Craddock Massif, men på seinare kart vart Mount Craddock avgrensa til den sørlegaste toppen i massivet. Fjellet vart namngjeven av US-ACAN etter J. Campbell Craddock (1930–2006), som var leiaren til ekspedisjonen frå University of Minnesota (1962–63) som gjorde geologiske undersøkingar i Sentinel og Heritage Range i Ellsworth Mountains.

Mount Craddock er det nest høgaste fjellet i Craddock Massif som omfattar Mount Rutford (det høgaste fjellet), Rada Peak og Bugueño Pinnacle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]