Mount Dolber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 77°7′S 145°31′W
Mount Dolber
fjell
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Topp Marie Byrd Land
 - høgd 865 moh.
 - koordinatar 77°7′S 145°31′W
Administrert under Antarktistraktaten
Mount Dolber is located in Antarktis
Mount Dolber (Antarktis)

Mount Dolber er eit markant fjell, 865 moh, med ein stor snøfri topp, mellom Mount Rea og Mount Cooper i Sarnoff Mountains i Ford Ranges i Marie Byrd Land. Det vart kartlagd av U.S. Antarctic Service (1939–41) og av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy (1959–65). Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter kaptein Sumner R. Dolber i US Coast Guard, som var kaptein på isbrytaren «Southwind» ved Den antarktiske halvøya (1967–68) og Rosshavet (1968–69).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dolber, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).