Mount Drygalski
| Mount Drygalski | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Topp | Heardøya i Indiahavet | ||
| • høgd | 210 moh. | ||
| - koordinatar | 53°2′S 73°23′E / 53.033°S 73.383°E | ||
![]() Mount Drygalski 53°02′13″S 73°23′51″E / 53.036805555556°S 73.397416666667°E | |||
Mount Drygalski er ein isfri ås, 210 meter over havet, som ligg 0,7 nautiske mil søraust for Atlas Cove, nær nordvestenden av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Åsen vart grovt kartlagd på eit skissekart frå 1882 teikna av fenrik Washington Irving Chambers ombord på USS «Marion» i løpet av redninga av det forliste mannskapet på den amerikanske selskuta «Trinity». Han vart meir nøyaktig kartlagd og namngjeven av Den første tyske antarktisekspedisjonen i 1902. Professor Erich von Drygalski, leiaren for den tyske ekspedisjonen, var eit medlem av laget som gjekk i land og undersøkte området mellom Rogers Head og toppen av dette fjellet.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Drygalski, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
- ↑ «Drygalski, Mount». Gna-GeographicNamesOfTheAntarctic1stEdition1981_djvu. s. 576. Henta 16. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Map of Mount Drygalski og nordvestkysten av Heardøya
- Map of Heard- og McDonaldøyane, med alle store terrengdetaljar Arkivert 2014-02-11 ved Wayback Machine.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Drygalski, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).
