Jøkelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mount Elkins)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 66°40′S 54°09′E
Jøkelen
Mount Elkins
fjell
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjede Napier Mountains
Topp Enderby Land
 - høgd 2 300 moh
 - koordinatar 66°40′S 54°09′E
Geologi metamorf
Periode 2837 millionar år (arkeikum)
Lettast tilkomst lett snø- og isklatring
Førstestiging landmålingsgruppe frå Mawson-stasjonen
 - dato 1960
Administrert under Antarktistraktaten
Jøkelen is located in Antarktis
Jøkelen (Antarktis)

Jøkelen eller Mount Elkins er eit mørkt, bratt fjell med tre store toppar, det høgaste på 2300 moh. Denne toppen ligg i Napier Mountains i Enderby Land. Enderby Land er ein del av Australsk Antarktis i Aust-Antarktis. Fjellet vart kalla opp etter Terence James Elkins, ein forskar på ionosfæren under Australian National Antarctic Research Expeditions ved Mawson-stasjonen i 1960.[1][2]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

I nærleiken av Jøkelen ligg Cape Batterbee (9,2 km mot nord), Young Nunataks (7,4 km i sør), Sørtoppen (30 km i aust), Newman Nunataks (2,6 km i vest), Mount McMaster (9,7 km i vest), og Kjerringa (5,7 km i nordaust). Den næraste forskingsstasjonen er Mawson-stasjonen, ein australsk forskingsstasjon mot søraust. Molodjozjnaja-stasjonen, ein tidlegar sovjetisk forskingsstasjon som vart lagt ned i 1989, ligg sørvest for Mount Elkins.

Mount Elkins er det høgaste fjellet i Napier Mountains.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mount Elkins vart først kartlagd av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936–37, og vart av dei kalla Jøkelen. Det vart kartlagd på ny av ANARE frå flyfoto tekne frå an ANARE i 1956. Napier Mountains vart først vitja av ei landmålingsgruppe under ANARE frå Mawson-stasjonen i 1960. Gruppa vart leia av Syd Kirkby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geographic Names Information System (GNIS) of US Geological Survey: Mount Elkins. Vitja 22. april 2013.
  2. Gazeteer av Australian Antarctic Data Centre: Mount Elkins. Vitja 22. april 2013.

«Mount Elkins». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 1. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Elkins» (innhald frå Geographic Names Information System).