Mount Gunter
Mount Gunter | |
fjell | |
Land | ![]() |
---|---|
Topp | Graham Land |
- høgd | 1 970 moh. |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Mount Gunter er eit kjenneleg fjell, 1970 moh, med stupbratte svarte klipper på vestsida, som ligg ved sørsida av Hariotbreen, 3 nautiske mil aust for Briggs Peak, på vestsida av Den antarktiske halvøya. Det vart først grovt kartlagd av British Graham Land Expedition i 1936–37, og vart fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i november 1947. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Edmund Gunter, ein engelsk matematikar som gjorde dei første stega mot reknestaven med sine «tallinjer» (1617). I 1620 publiserte han tabellar med logaritmar og sinus- og tangentverdiar, som revolusjonerte navigasjonen.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Gunter, Mount». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 18. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gunter, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).