Mount Hobson på Great Barrier Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mount Hobson frå aust.

Mount Hobson (Hirakimatamaorispråk) er det høgaste fjellet på øya Great Barrier IslandNew Zealand. Det ligg sentralt på øya og toppen er 627 moh. Fleire tur-ruter gir relativt lett tilgang til toppen, den kortaste, som tek om lag to timar, går gjennom det kjende fjellpasset Windy Canyon og gjennom restar av gammal kauriskog der det står att ei rekkje store tre. Frå toppen er det fin utsikt over øya, over mot halvøya Coromandel Peninsula og øygruppa Poor Knights Islands.[1]Området kring toppen er også klekkeområde for svart havsule.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mount Hobson, Hirakimata (frå Tourism New Zealand si vevside om Great Barrier Island). Vitja 8. januar 2008.
  2. Hauraki Gulf islands: Great Barrier Island (frå «Nic's outdoors» på TVNZ) Vitja 8. januar 2008.


Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 36°11′S 175°25′E