Mount Joyce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 75°36′S 160°49′E
Mount Joyce
fjell
Joyce2.jpg
Nordsida av Mt Joyce
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Victoria Land
 - høgd 1 830 moh.
 - koordinatar 75°36′S 160°49′E
Administrert under Antarktistraktaten

Mount Joyce
75°36′0″ S 160°49′1″ E
Mount Joyce is located in Antarktis
Mount Joyce (Antarktis)

Mount Joyce er eit markant, kuppelforma fjell, 1830 moh, som ligg 13 km nordvest for Mount Howard i Prince Albert Mountains i Victoria Land, på sørsida av Davidbreen. Det vart først kartlagd av den britiske antarktiskekspedisjonen, 1907–09, som namngav det etter Ernest Joyce som var ansvarleg for lager, hundar, slear og zoologiske samlingar på ekspedisjonen og som hadde tidlegare vore med Discovery-ekspedisjonen, 1901-04. Joyce var òg i gruppa ved Rosshavet under Endurance-ekspedisjonen, 1914-17.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Mount Joyce, i lag med nærliggande nunatakar, som Trio Nunataks, er restane av ei høgslette frå juratida, og som består lagergangar av lavaer og doleritt, innimellom fundament av sandstein frå paleozoikum og mesozoikum. Laga heller kring 1-2 grader i vest.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Worner, G. (1992). «Kirkpatrick Lavas, Exposure Hill Formation and Ferrar Sills i Prince Albert Mountains, Victoria Land i Antarktis». Polarforschung 60: 97–90. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Joyce» (innhald frå Geographic Names Information System).