Mount Keohane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Keohane
fjell
Land  Antarktis
Topp Victoria Land
 - høgd 1 250 moh.
 - koordinatar 77°36′S 162°59′E / 77.600°S 162.983°E / -77.600; 162.983
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Keohane
77°35′00″S 163°00′00″E / 77.5833°S 163°E / -77.5833; 163
Mount Keohane is located in Antarktis
Mount Keohane (Antarktis)

Mount Keohane er eit fjell like nordvest for Lake Fryxell, med ei høgd opp mot 1250 m mellom Canadabreen og Huey Gully på nordsida av Taylor Valley i Victoria Land. Det vart namngjeve i 1997 av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kvartermeister Patrick Keohane i Royal Navy som deltok på Terra Nova-ekspedisjonen, 1910-13. Keohane deltok i støttegruppa til Robert F. Scott og nådde Upperbreen Depot ved Beardmorebreen (85°07'S, 163°04'E) før han vendte attende til hovudbasen ved Cape Evans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Keohane» (innhald frå Geographic Names Information System).