Mount Prestrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Prestrud
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Dronning Maudfjella
Topp Ross Dependency
 - høgd 2 400 moh.
 - koordinatar 86°34′S 165°7′W / 86.567°S 165.117°W / -86.567; -165.117
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Prestrud
86°34′00″S 165°07′01″W / 86.5667°S 165.117°W / -86.5667; -165.117
Mount Prestrud is located in Antarktis
Mount Prestrud (Antarktis)

Mount Prestrud er eit fjell i Antarktis på over 2400 moh. som ligg sørvest i massivet ved toppen av Amundsenbreen i Dronning Maudfjella. I november 1911 vart fleire fjell observerte og grovt plasserte på eit kart av gruppa som følgde Roald Amundsen til Sørpolen. Amundsen namngav eit av dei etter løytnant Kristian Prestrud, førstestyrmann på «Fram» og leiar for den austlege sledeturen til Scott Nunataks. Fjellet vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1960-64. For å bevare det historiske namnet til Amundsen, valde Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) dette fjellet som Mount Prestrud.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Prestrud» (innhald frå Geographic Names Information System).