Mount Rutford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Rutford
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 - høgd 4 477 moh.
 - koordinatar 78°36′S 85°18′W / 78.600°S 85.300°W / -78.600; -85.300
Førstestiging Jed Brown
desember 2006
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Rutford
78°36′S 85°18′W / 78.6°S 85.3°W / -78.6; -85.3
Mount Rutford is located in Antarktis
Mount Rutford (Antarktis)

Mount Rutford er eit spisst fjell i Antarktis med ei høgd på 4477 moh. Det er det det høgaste punktet i Craddock Massif i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Fjellet ligg like nord for Bugueño Pinnacle og 3,4 km nord for Mount Craddock. Før 2006 hadde ikkje toppen noko namn, men vart visuelt identifisert av Camilo Rada og Damien Gildea som høgare enn Mount Craddock då dei vitja både Vinson (2004) og Craddock (2005). Då dei kom attende i 2006 målte dei høgda på denne toppen.

Toppen fekk i 2006 namn av US-ACAN etter Robert H. Rutford, som var medlem av den geologiske ekspedisjonen til J. Campbell Craddock frå University of Minnesota til Ellsworth Mountains i 1962–63; leiar for ekspedisjonen til University of Minnesota til Ellsworth Mountains 1963–64; og direktør i Division of Polar Programs 1975–77; og direktør i SCAR (Scientific Committee on Antarctic Research).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]