Prince Charles Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mount Stinear)
Prince Charles Mountains
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 72°0′S 67°0′E / 72.000°S 67.000°E / -72.000; 67.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Prince Charles Mountains
72°S 67°E / 72°S 67°E / -72; 67
Prince Charles Mountains is located in Antarktis
Prince Charles Mountains (Antarktis)

Prince Charles Mountains er ei stor fjellgruppe i Mac. Robertson Land i Antarktis som inneheld dei mindre fjellkjedene Athos Range, Porthos Range og Aramis Range. Den høgaste toppen er Mount Menzies (3228 moh.). Andre store fjell er Mount Izabelle og Mount Stinear (1950 moh.). Desse fjella dannar i lag med andre spreidde toppar ein boge som er kring 420 km lang, frå nærleiken av Mount Starlight i nord til Goodspeed Nunataks i sør.[1]

Desse fjella vart først observerte og fotograferte frå avstand av pilotane til USN Operasjon Highjump, 1946-47. Dei vart utforska av fleire ekspedisjonar frå ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) og kartlagde i løpet av 1954-1961.[1] Det har vist seg at dei inneheld store førekomstar av jernmalm.[2]Dei vart namngjevne av ANCA i 1956 etter prins Charles av Wales.[1]

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

  • Mount Bayliss er eit relativt lågt fjell som strekkjer seg 9 nautiske mil (17 km) frå aust til vest, 6 nautiske mil (11 km) aust for Mount Menzies. Dei vart observert frå lufta under ANARE i 1957 og sett same året frå bakken av eit lag frå ANARE under K.B. Mather. Det vart namngjeve av ANCA etter E.P. Bayliss, ein australsk kartograf, som teikna kart i Antarktis publisert i 1939 av Property and Survey Branch i Innanriksdepartementet i Canberra.[3]
  • Mount Gibson er ei lita fjell kring 2,5 nautiske mil (4,6 km) vest for Mount Cameron og 3 nautiske mil (6 km) sør for Schmitter Peak. Det vart kartlagt frå flyfoto tekne av ANARE tekne i 1956 og 1960. Det vart namngjeve av ANCA etter P.R. Gibson, som var røyrleggar ved Wilkes Station i 1965.[4]
  • Mount Izabelle er eit bert fjell som ligg 19 km sørvest for Shaw Massif. Det vart oppdaga frå eit fly under ANARE den 28. november 1956. Det vart namngjeve av ANCA etter B. Izabelle, som var vêrobservatør ved Mawson Station i 1957.[5]
  • Mount Rymill er eit ganske stort fjellmassiv som ligg 10 km vest for Mount Stinear. Det vart fotografert frå lufta av ANARE, 1956-58 og namngjeve av ANCA etter John Riddoch Rymill, leiaren for British Graham Land Expedition, 1934-37.[6]
  • Schmitter Peak er eit lite fjell som ligg kring 5 km sørvest for Mount Woinarski. Det vart kartlagt frå flyfoto tekne av ANARE tekne i 1956 og 1960. Det vart namngjeve av ANCA etter U. Schmitter, som var kokk på Davis Station i 1964.[7]
  • Shaw Massif er eit nesten flatt fjellmassiv (1355 moh) vest for Lambertbreen og 20 km sør for Mount Willing. Det vart oppdaga i november 1956 frå lufta under ANARE. Det vart namngjeve av ANCA etter Bernard Shaw, sambandsmann ved Mawson Station i 1957.[8]
  • Simon Ridge er ein bogeforma fjellrygg som ligg kring 13 km søraust for Husky Massif. Det vart kartlagt frå flyfoto tekne av ANARE tekne i 1960. Det er kalla opp etter M.J. Simon, sambandsoffiser på Wilkes Station i 1962.[9]
  • Mount Stinear er ein høg fjelltopp med ei høgd på 1950 moh like aust for Mount Rymill der Fisherbreen møter Lambertbreen. Det vart kartlagt frå flyfoto tekne av ein RAAF-flytur i 1956, og først vitja i oktober 1957 av eit lag frå ANARE leia av Bruce H. Stinear, som var geolog ved Mawson Station, og som fjellet er kalla opp etter.[10]
  • Mount Cartledge er eit fjell like aust for Mount Albion i Athos Range. Det vart kartlagt frå Australian National Antarctic Research Expeditions flyfoto frå 1965, og vart namngjeven av Australian Antarctic Names and Medals Committee etter W.J. Cartledge, røyrleggjar ved Wilkes Station i 1962, og snikkar ved Mawson Station i 1966.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]