Mount Wegener

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mount Wegener
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Shackletonkjeda
Topp Coats Land
 - høgd 1 385 moh.
 - koordinatar 80°44′S 23°31′W / 80.733°S 23.517°W / -80.733; -23.517
Administrertunder Antarktistraktaten
Kart
Mount Wegener
80°44′00″S 23°31′00″W / 80.7333°S 23.5167°W / -80.7333; -23.5167
Mount Wegener is located in Antarktis
Mount Wegener (Antarktis)

Mount Wegener er eit fjell med ei høgd opp mot 1385 moh. som ligg sentralt i Read Mountains i Shackletonkjeda i Antarktis.

Fjellet vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967 og vart kartlagd av British Antarctic Survey (BAS) frå 1968-71. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i samband med at stader i området hadde fått namn etter geologar. Mount Wegener fekk namn etter Alfred L. Wegener (1880–1930), ein tysk astronom, meteorolog, arktiskfarar og ein pioner innan teorien om kontinentaldrift. Wegener var professor i geofysikk og meteorologi ved University of Graz i Austerrike mellom 1924–30 og var leiar av dei tyske ekspedisjonane til Grønland i 1929 og 1930, før han mista livet på isdekket i november det året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Wegener» (innhald frå Geographic Names Information System).