Mountaineer Range
| Mountaineer Range | |||
| fjellkjede | |||
Topografisk kart med skala 1:250 000 av Mountaineer Range og Southern Cross Mountains. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stad | Victoria Land | ||
| - koordinatar | 73°28′S 166°15′E / 73.467°S 166.250°E | ||
| Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Mountaineer Range 73°28′00″S 166°15′00″E / 73.4667°S 166.25°E | |||
| Wikimedia Commons: Mountaineer Range | |||
Mountaineer Range er ei fjellkjede som ligg mellom Mariner- og Aviatorbreen i Victoria Land i Antarktis. Sjøsida av fjellkjeda vart oppdaga av Ross i 1841, og sidan sett av fleire britiske og amerikanske ekspedisjonar. Ho vart kartlagd frå U.S. Navy-flyfotografi og landmålingar av newzealandske og amerikanske grupper i 1950- og 1960-åra. Ho vart namngjeven av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1958–59, med tanke på bakgrunnen som fjellklatrarar for mange av medlemmane i desse gruppene.[1]
Det høgaste fjellet er Mount Murchison på 3500 moh., som er eit sklije mellom Fitzgerald- og Wyldebreen. Det vart oppdaga i januar 1841 av Ross som namngav det etter sir Roderick Impey Murchison, då generalsekretær i British Science Association.[2]
Fjell
[endre | endre wikiteksten]- Mount Anakiwa er eit lite fjell (2640 moh.) 6 km nord for Mount Supernal. Det vart namngjeve av det nordlege laget til NZGSAE, 1966–67, etter Anakiwa i New Zealand.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mountaineer Range» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Mountaineer Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ «Mount Murchison». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. 27. februar 2013. Henta 27. februar 2013.
- ↑ «Mount Anakiwa». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 26. februar 2013.
