Move av The Mamas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Move»
Song av The Mamas
Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 22. februar 2020
Sjanger Soul, pop, gospel
Lengd 02:48
Selskap Universal
Låtskrivar(ar) Melanie Wehbe, Patrik Jean, Herman Gardarfve

«Move» er ein gospel-popsong frå 2020 med det svensk-amerikanske gruppa The Mamas. Songen vart fyrste gong framført 1. februar 2020 under den fyrste delfinalen i den svenske Melodifestivalen. Songen kvalifiserte seg til finalen i Stockholm 7. mars 2020, og vann til slutt heile tevlinga. Med sigeren skulle «Move» ha vore det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Move» er skriven av Melanie Wehbe, Patrik Jean og Herman Gardarfve, og vart skriven til gospel-soul-gruppa The Mamas. Gruppa kora på «Too Late for Love» med John Lundvik, som vann Melodifestivalen 2019 og til slutt vart nummer fem i Eurovision Song Contest same år.[2]

I november 2019 offentleggjorde Sveriges Television at «Move» var blant dei 28 låtane som var plukka ut til Melodifestivalen 2020. Songen var det fyrste bidraget på scena i den fyrste delfinalen i Linköping laurdag 1. februar 2020.[3] Der vann han delfinalen og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 7. mars.[4]

I finalen var «Move» det tredje bidraget ut på scena, og då juryavrøystinga var over, låg han likt med Dotter og «Bulletproof». I telefonavrøystinga fekk «Move» marginalt flest røyster og vann til slutt Melodifestivalen med berre eitt poeng over «Bulletproof». Med sigeren vart «Move» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest.[5]

«Move» skulle ha delteke i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 10. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydt til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2020) Høgaste

plassering

Sverige (Sverigetopplistan)[7] 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Skräll: The Mamas vinner Melodifestivalen 2020» (på svensk). 7. mars 2020. Henta 8. mars 2020. 
  3. «Melodifestivalen 2020 – guiden till finalen, artister, låtar, pausunderhållning» (på svensk). Henta 8. mars 2020. 
  4. «Robin and The Mamas qualify as Melodifestivalen 2020 kicks off in Linköping» (på engelsk). 1. februar 2020. Arkivert frå originalen 4. februar 2020. Henta 8. mars 2020. 
  5. «Sweden: The Mamas win Melodifestivalen 2020 with "Move"» (på engelsk). 7. mars 2020. Henta 8. mars 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  7. «Veckolista Singlar, vecka 11». Sverigetopplistan. Henta 20. mars 2020.