Movering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Movering er eit omgrep innan namnegranskinga, og inneber oftast at eit kvinnenamn blir avleidd av eit mannsnamn. Avleiinga skjer oftast med tillegg av suffiks som -a, -e, -ina eller -ine.[1] Suffikset -etta, eventuelt -ette, kan også bli brukt for å gjere mannsnamn til kvinnenamn.

Døme på slik movering kan vere

Unntaksvis kan slik movering også skje frå kvinnenamn til mannsnamn, også kalla kvinnemovering.[2] Slik avleiing kan skje med suffikset -o eller -us. Døme på movering til mannsnamn kan vere

Det er ulike forklaringar på fenomenet movering. Nordiske forskarar stør seg til ein teori om at movering gjer det mogleg å kalle opp slektningar på tvers av kjønnsgrensene. Søreuropeiske namnneforskarar meiner movering gjer det mogleg for jenter å få namn etter mannlege helgenar i den katolske kyrkja.

Moverte kvinnenamn med endinga -ina/-ine skal ha opphav i fransk namneskikk, og kom til Noreg via Danmark på 1700-talet. Namna vart særleg populære frå midten av 1800-talet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]