Moyobamba

Koordinatar: 6°02′00″S 76°58′00″W / 6.03333°S 76.96667°W / -6.03333; -76.96667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moyobamba
Byvåpenet til Moyobamba
Styresmakter
Land Peru
Geografi
Flatevidd
 - By

2129.86 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2017)

50 073
Koordinatar 6°02′00″S 76°58′00″W / 6.03333°S 76.96667°W / -6.03333; -76.96667
Høgd over havet 860 m
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.munimoyobamba.gob.pe/
Nettstad: http://www.munimoyobamba.gob.pe/

Moyobamba (quechua: Muyupampa, muyu sirkel, pampa stor slette) er hovudstaden i San Martín-regionen, ein del av øvre Amazonasbassenget i nordlege Peru. Byen hadde 50 073 innbyggarar, ifølgje folketeljinga i 2017.[1] Omtrent 10 % av verdas artar av orkidéar høyrer heime i området, noko som har ført til byens kallenamn orkidébyen.[2] Byen er òg hovudstaden i Moyobamba-provinsen som er den nordvestlegaste provinsen i San Martín-regionen.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på ei høgd med utsyn over elva Mayo, ei sideelv som renn søraust til Huallaga som igjen har utlaup i Marañón. Området er i ein fuktig, tropiske region, 860 meter over havet. Moyobamba har vegsamband med Tarapoto i søraust, Rioja i vest og Bagua i nordvest. Vegar forbind Moyobamba med stillehavskysten via Bagua og Olmos i nord og Cajamarca i sørvest. Hamna ved elva Moyo er framleis i bruk til lokal vare- og persontransport.

Dei første kjente busettingane er frå chachapoyas-kulturen, men den moderne byen Moyobamba vart etablert av Juan Pérez de Guevara den 25. juli 1540, med namnet Santiago de los Ocho Valles de Moyobamba (Santiago av dei åtte Moyobamba-dalene). Han vart grunnlagt på staden for eit inkaoppgjer og den første byen som vart grunnlagt av spanjolane i peruansk Amazonas, og den andre spanske byen aust for Andesfjella.[treng kjelde]

Byen var sete for dei første religiøse oppdraga som vart etablerte i regionen. Den romersk-katolske kyrkja brukte byen som ein base, der ho starta med å omvende dei innfødde til kristendommen. Moyobamba var eit viktig kommersielt senter i kolonitida (1533–1821) og fekk bystatus i 1857.[treng kjelde]

Demografien til Moyobamba er i dag ei blanding av kulturar og menneske av ulikt opphav. Fleirtalet er mestisar.

Moyobamba er sentrum av ein jordbruksregion og eit av dei største handelssentera for Aguaruna Native Communities som bur i det omkringliggande dalføret. Dei mest lukrative avlingene dyrka i regionen inkluderer ris, kaffi og mais. Bomull, sukkerrøyr, tobakk og kakao blir òg produsert. Varme kjelder, førekomstar av gull og litt petroleum finst i nærleiken.[treng kjelde]

«Moyobambinos», innbyggarar i Moyobamba, feirar skytshelgenen for regionens, San Juan, kvart år den 24. juni. Lokal folkesetnad feirar med tradisjonelle dansar og lokale matrettar.

Moyobamba har eit tropisk klima med regnfull, halvvarm og fuktig savanne. Temperaturen varierer mellom 14 °C (minimum) og 30 °C (maksimum), og er 22 °C som gjennomsnittstemperatur gjennom heile året. Nokon kveldar i Moyobamba kan vere kaldare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Instituto Nacional de Estadística e Informática (INEI): Directorio Nacional de Centros Poblados – Censos Nacionales 2017. Lima 2018, Bd. 4, s. 1731. Henta 1. mars 2021
  2. Howto Peru Moyobamba Travel Guide. Henta 1. mars 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Moyobamba