Hopp til innhald

Mozilla Firefox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mozilla Firefox


SkaparMozilla Foundation, Dave Hyatt, Joe Hewitt, Blake Ross
UtviklarMozilla Corporation, Mozilla Foundation
UtgjevarGoogle Play, App Store, Microsoft Store, Flathub, PortableApps.com, Snap, Galaxy Store
Utgjeve23. september 2002
Nyaste versjon140.11.0esr (19. mai 2026)[1]
PlattformIA-32, x86_64, A64
OperativsystemLinux, Microsoft Windows, macOS, Android, iOS, iPadOS
Skriven iC, C++, JavaScript, Stilark, Rust, XUL
Typenettlesar
LisensMPL-2.0
Nettstadhttps://www.firefox.com

Mozilla Firefox er ein nettlesar som er utvikla og vert vedlikehalde på dugnad av fleire hundre friviljuge, medan Mozilla Corporation, eigd av stiftinga Mozilla Foundation, sytar for å koordinera arbeidet. Firefox er difor ein gratis programvare med fri og open kjelde, og vert nytta av 11,02 % av internettbrukarar i juli 2018.[2]. Firefox er å få både på nynorsk og bokmål.

Firefox er liten, rask og har svært mange utvidingar. I november 2008 passerte utvidingane éin milliard nedlastingar.[3]

Firefox var tidlegare kjent under namnet Phoenix.

Historia om nettlesaren Firefox:

Mozilla Foundation ønskte at Firefox skulle bli ein liten, rask, og enkel nettlesar med moglegheit for utvidingar, separat frå den større Mozilla- applikasjons-samlinga. Firefox er den offisielle nettlesaren frå Mozilla- prosjektet, og inngår i ei applikasjons-samling saman med e-postlesaren Mozilla Thunderbird og kalender-applikasjonen Mozilla Sunbird.

Prosjektet som seinare vart Firefox starta som ei eksperimentell grein av Mozilla- samlinga kalla «mozilla/ browser» av Dave Hyatt og Blake Ross. Prosjektet sin grunnleggjarar hadde i førstninga som mål å skape den best mulige nettlesaren for Microsoft Windows. Etter tilstrekkelig utvikling ble ein førsteutgåve lagt ut for offentlig testing i september 2002 under namnet «Phoenix».

Namnet «Phoenix» blei brukt til 14. april 2003, då det vart endra på grunn av ein varemerkekonflikt med BIOS-produsenten Phoenix Technologies. Det nye namnet, «Firebird» fekk blanda mottaking. Seint i april same år bestemte Mozilla Foundation at nettlesaren skulle refererast til som «Mozilla Firebird» for å unngå forveksling med database tenaren Firebird. Langvarig press frå open kjeldekode-miljøa tvang førebels fram enda eit namneskifte, og den 9. februar 2004 ble Mozilla Firebird omdøypt til «Mozilla Firefox».

Dette namnet vart valt fordi det er likt «Firebird», men også for å vera unikt i dataindustrien. For å forsikre seg mot at enda et namneskifte ikkje skulle bli nødvendig registrerte Mozilla Foundation i desember 2003 «Firefox» som et varemerke i USA.[3]

  1. «Firefox ESR 140.11.0, See All New Features, Updates and Fixes» (på engelsk). 19. mai 2026. Henta 19. mai 2026.
  2. Statistikk over nettlesarbruk. Vitja 2018-08-06
  3. «1 Billion Add-on Downloads». Mozilla Blog. Henta 28. mars 2016.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]