Mr. Bojangles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mr. Bojangles
Singel av The Nitty Gritty Dirt Band
frå albumet Uncle Charlie & His Dog Teddy
B-side

«Uncle Charlie Interview #2/Spanish Fandango» (sidan erstatta med «Mr. Bojangles» w/o prologue)

Språk engelsk
Utgjeve November 1970
Sjanger Country, folk
Lengd 5:15
Selskap Liberty
Komponist Jerry Jeff Walker
Tekstforfattar Jerry Jeff Walker
Låtskrivar(ar) Jerry Jeff Walker
Produsent William McEuen
The Nitty Gritty Dirt Band-kronologi 
«Buy Me for the Rain»
(1967)
Mr. Bojangles «House at Pooh Corner»
(1971)


«Mr. Bojangles» er ein song opphavleg skriven og innspelt av den amerikanske countryartisten Jerry Jeff Walker for albumet hans med same tittel frå 1968. Sidan den gong har songen vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre countrybandet The Nitty Gritty Dirt Band. Dei gav ut sin versjon i 1970 på albumet Uncle Charlie & His Dog Teddy og på singel. Singelen nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 i 1971. Konsertversjonar av songen finst på Walker-albumet A Man Must Carry On frå 1970 og The Best of Jerry Jeff Walker frå 1980.

NGDB-singelen byrjar med eit intervju med Uncle Charlie (med undertittelen «Prologue: Uncle Charlie and his Dog Teddy») som òg ligg føre songen på Uncle Charlie-albumet. Då «Mr. Bojangles» byrja å klatre på listene vart B-sida trykt på ny med same songen utan prologen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Walker har sagt han vart inspirert til å skrive songen etter eit møte med ein gatemusikant i ein arrest i New Orleans og at songen ikkje omhandlar den kjende skodespelaren Bill «Bojangles» Robinson. Walker sa at medan han sat i arresten for drikking på offentleg stad, møtte han ein heimlaus kvit mann som kalla seg sjølv «Mr. Bojangles» for politiet for å skjule identiteten.

Innspelte versjonar[endre | endre wikiteksten]

Walker-songen har vorte spelt av mange kjende artistar, som Garth Brooks, Kristofer Åström, Chet Atkins, Hugues Aufray (fransk versjon i 1984), Harry Belafonte, Bermuda Triangle Band, David Bromberg, Dennis Brown, The Byrds, JJ Cale, David Campbell, Bobby Cole, Edwyn Collins, Jim Croce, Jamie Cullum, King Curtis, Sammy Davis Jr., John Denver, Neil Diamond, Cornell Dupree, Bob Dylan, Arlo Guthrie, Tom T. Hall, John Holt, Whitney Houston, Queen Ifrica, Billy Joel, Dave Jarvis, Nina Simone, Elton John, Frankie Laine, Lulu, Rod McKuen, Don McLean, MC Neat, Harry Nilsson, Esther Phillips, Ray Quinn, Mike Schank, William Shatner, Frank Sinatra, Todd Snider, Cat Stevens, Jim Stafford, Radka Toneff, Jamie Walker, Robbie Williams, Buck Fisher, Bebe Neuwirth, Dolly Parton og Helge Schneider.

Komponisten Philip Glass refererer til «Mr. Bojangles» i den minimalistiske operaen Einstein on the Beach.

Jim Carrey syng songen som ein del av dei tidlege stand up-showa sine og i den første filmen hans, Copper Mountain.

Sammy Davis, Jr song songen på fjernsyn, og det same gjorde William Shatner.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Jerry Jeff Walker[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 77

The Nitty Gritty Dirt Band[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Canada (RPM) 2
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[1] 28
U.S. Billboard Hot 100 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]