Mrs. Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mrs. Robinson
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Bookends
B-side «Old Friends»/«Bookends»
Utgjeve 5. april 1968
Innspelt 2. februar 1968
Sjanger Folkrock
Lengd 4:02
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Paul Simon
Produsent
Simon & Garfunkel-kronologi
«Scarborough Fair/Canticle»
(1967)
Mrs. Robinson «The Boxer»
(1969)


«Mrs. Robinson» er ein song skriven av Paul Simon og først framført av Simon & Garfunkel. Han kom ut på singel i 1968 og gjekk til topps i USA, den andre førsteplassen deira etter «The Sounds of Silence». Ei tidleg utgåve av songen finst i filmen The Graduate frå 1967 og det påfølgjande filmmusikkalbumet, medan heile songen vart gjeven ut på albumet Bookends (1968).[1] Songen gav dei Grammy-pris for «Årets singel» i 1969. Studiotrommeslagaren Hal Blaine spelte på denne og reknar det som ein av favorittsongane sine.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I filmen The Graduate har studenten Benjamin Braddock eit forhold til ei eldre, gift kvinne, Mrs. Robinson. Songen dukkar opp fleire gonger i filmen, men er forskjellig frå den kjende hitversjonen, og fleire gonger høyrer ein berre refrenget. Det var først seinare at Paul Simon og Art Garfunkel spelte inn songen på ny med meir tekst.

I følgje ein artikkel i Variety av Peter Bart i 2005, hadde Nichols vorte besett av musikken til Simon and Garfunkel då han filma filmen. Larry Turman, som var produsent for filmen, gjorde ein avtale med Simon om at han skulle skrive tre nye songar for filmen. Då dei var nesten ferdig å redigere filmen hadde Simon berre skrive ein ny song. Nichols bad han om fleire, men Simon, som stadig var på turne, svarte at han ikkje hadde tid. Han spelte då eit par tonar frå ein ny song han arbeidde på; «Han er ikkje for filmen...det er ein song om tidlegare tider, om Mrs. Roosevelt og Joe DiMaggio og slikt.» Nichols gav Simon råd om at «Han er no om Mrs. Robinson, ikkje Mrs. Roosevelt.»[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Frank Sinatra, Andrew Jackson Jihad, The Nits, James Taylor Quartet, Billy Paul, Kik Tracee, The Lemonheads, Bon Jovi, Charlie Peacock, Casey James, og Hank Marvin.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 8
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] 8
Canada Top Singles (RPM)[8] 1
Tyskland (Media Control AG)[9] 39
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[10] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[11] 5
New Zealand (Listener)[12] 9
Noreg (VG-lista)[13] 8
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 6
UK Singles (Official Charts Company)[15] 4
US Billboard Hot 100[16] 1
US Billboard Easy Listening[17] 4
US Cash Box[18] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
UK Singles (Official Charts Company) 63
US Billboard Hot 100[19] 9
US Cash Box[20] 5

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[21] Gull 25 000*
USA (RIAA)[22] Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bennighof, James. The Words og Music of Paul Simon. Westport, Ct.: Greenwood Publishing Group, 2007. ISBN 0275991636, ISBN 9780275991630. s. 33.
  2. Mrs Robinson Songfacts
  3. Mrs. Robinson av Simon and Garfunkel Songfacts
  4. «Mrs Robinson Songfacts». Songfacts.com. Henta 18. februar 2011. 
  5. 5,0 5,1 «Art Garfunkel Official Site». 
  6. «AUSTRALIAN WEEKLY (DAVID KENT) SINGLE CHARTS FOR 1968». Henta 25. mars 2019. 
  7. "Ultratop.be – Simon & Garfunkel – Mrs. Robinson" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2019.
  8. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 25. mars 2019.
  9. "Simon & Garfunkel - Mrs. Robinson". Charts.de. Media Control. Henta 25. mars 2019.
  10. "Nederlandse Top 40 – week 27, 1968" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 25. mars 2019.
  11. "Dutchcharts.nl – Simon & Garfunkel – Mrs. Robinson" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 25. mars 2019.
  12. «flavour of new zealand - search listener». www.flavourofnz.co.nz. Henta 25. mars 2019. 
  13. "Norwegiancharts.com – Simon & Garfunkel – Mrs. Robinson". VG-lista. Hung Medien. Henta 25. mars 2019.
  14. "Simon & Garfunkel – Mrs. Robinson – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 25. mars 2019.
  15. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 25. mars 2019.
  16. "& Garfunkel?f=379&g=Singles Simon & Garfunkel Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Simon & Garfunkel. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2019.
  17. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 219. 
  18. «Cash Box Top 100 6/08/68». tropicalglen.com. Henta 25. mars 2019. 
  19. «Top 100 Hits of 1968/Top 100 Songs of 1968». www.musicoutfitters.com. Henta 25. mars 2019. 
  20. «Cash Box YE Pop Singles - 1968». tropicalglen.com. Henta 25. mars 2019. 
  21. «Italian single salstrofé – Simon & Garfunkel – Mrs. Robinson» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 23. januar 2019.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Simon & Garfunkel in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  22. «American single salstrofé – Simon & Garfunkel – Mrs. Robinson». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH