Muckle Skerry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Muckle Skerry er den største av Pentland Skerries som ligg utanfor nordkysten av Skottland. Pentland Skerries fyr står på skjeret.

Muckle Skerry ligg i Pentland Firth og er det vestlegaste av skjera. Det er eit kilometer langt og har ei høgd på 20 meter over havet, stor noko til å verte rekna som ei øy. Det dårlege vêret ein ofte har i Pentland Firth gjer at Muckle Skerry aldri har hatt busetnad, og slik sett har det vore rekna meir som eit skjer enn ei øy.

Pentland Skerries fyr vart bygt i 1794 av Commissioners of the Northern Lights. Ingeniørane var Thomas Smith og stesonen hans Robert Stevenson. Dette var det første fyret Stevenson offisielt arbeidde med.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]