Muflon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muflon
Muflon
Muflon
Utbreiing
Utbreiinga av Muflon
Utbreiinga av Muflon
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Ovis
Art: O. orientalis
Underart: Muflon O. o. musimon
Vitskapleg namn
Ovis orientalis musimon

Muflon er ein villsau i slekta Ovis. Han finst på øyar i Middelhavet og er innført fleire stader i Europa. Muflon er den einaste nolevande ville sauen i Europa, og den minste villsautypen i verda.[1]

Muflon er blitt rekna som ein eigen art (Ovis musimon), ein underart av vestasiatisk villsau (Ovis orientalis musimon) eller av tamsau (Ovis aries musimon). Sistnemnde er blitt vanlegare i nyare tid, sidan fleire forskarar i dag reknar med at dei stammar frå forvilla tamsauar.[2]

Muflonbukkar er rundt 110–130 cm lange, 65–70 cm høge og 25–55 kg tunge. Hoene er mindre. Dyra kan ha spiralvridde horn på opptil 80 cm, men nokre hoer har ikkje horn. Pelsen er mørkt raudbrun med lys sal og kvit halespegel. Halen er kort, brei og mørk.

Muflon har vore sterkt utsett, både for kjøt og trofé. I nokre av dei opphavlege områda sine er han rekna som sårbar. Men dyra finst også innført fleire stader i Europa. I Noreg finst ein liten flokk i Fritzøhus-parken i Larvik. Han er rekna som ein dørstokkart med liten risiko for å bli invasiv i Noreg.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]