Mugdrum Island
Utsjånad
| Mugdrum Island | |
|---|---|
Mugdrum sett frå Newburgh | |
| Geografi | |
| Stad | Firth of Tay |
| Koordinatar | 56°22′N 3°15′W / 56.36°N 3.25°W |
| Areal | 0,13 km² |
| Høgaste punkt | 4 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Fife |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Mugdrum Island er ei øy i Firth of Tay, utanfor byen Newburgh i Fife, aust i Skottland.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Mugdrum er ei lågtliggande, sivdominert øy med sunda North Deep og South Deep på kvar side. Øya har eit areal på 0,13 km².[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet kjem frå muc-dhruim, som er skotsk-gælisk for svinerygg. Namnet vart opphavleg nytta om kysten innanfor øya.[1]
Siva på øya vart tidlegare hausta inn for halmtekking og for å verne potetene under omlasting. Fram til 1926 låg det ein gard på øya. Øya er i dag eit naturreservat underlagt Tay Valley Wildfowlers' Association.
I Laing Museum i Newburgh kan ein sjå ei utstoppa utgåve av ein katt med to hovud som vart fødd på Mugdrum på 1800-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mugdrum Island» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 «Historical perspective for Mugdrum Island». Gazetteer for Scotland. Henta 25. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Flyfoto av øya Arkivert 2010-04-27 ved Wayback Machine.