Mugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tradisjonell keramisk vassmugge eller -kanne med hank og nebb laga av ein kunsthandverkar frå Irland

Ei mugge er ei vid, rund kanne med hank, vanlegvis utan lok og tut, men med lite nebb. Mugger vert brukt som serveringbehaldarar for væsker, særlege drikke som vatn, saft, mjølk eller fløyte, og skal vera lette å hella frå. Muggar vert vanlegvis framstilt av keramikk (steinty og porselen), glas eller plast, men solide serveringmugger kan òg lagast av metall som aluminium, stål og tinn. Mugger kan vera store og små og er ofte enkelt dekorert. Det er vanleg å laga muggar som keramisk kunsthandverk.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «mugge» tilsvarer mugge i dansk, mugg i svensk og mug i engelsk (sjølv om dei siste to tyder krus)[1]. Tyding og opphav ut over det er uviss.

Ordet mugge kan i norske dialektar òg vise til ein tømmervase eller -floke. Mugger kan i norsk slang òg brukast om øl- eller vinflaskar og store (melkefylte) kvinnebryst. Uttrykket «for fulle mugger» tyder 'av alle krefter'.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]