Kamikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mukluk)
Kamikkar til vinterbruk (venstre) og sommarbruk (høgre)

Kamikk eller mukluk (frå yupik maklak, 'storkobbe')[1] er mjuke støvlar, tradisjonelt laga av rein- eller selskinn, som er blitt laga og brukt av arktiske urfolk som inuittar og yupikfolk.[2]

Dei er ein del av den tradisjonelle inuittiske klesdrakta, mellom anna på Grønland. Fottøyet har mjuke solar og blir typisk laga av selskinn i to lag: ein ytterstøvel av vasstett skinn utan hår og ein innerstøvel eller -strømpe med hårsida inn. Mellom laga er det isolerande sennegras, som på dansk blir kalla kamikhø. Støvlane blir brukte av både kvinner og menn. Lengde og utsmykking kan variera, men medan kamikkar for kvinner kan nå opp til over knea, er dei for menn lågare. Ein brodert variant blir brukt til den grønlandske nasjonaldrakten. Enkle kamikkar og skinnstøvlar er framleis vanlege som vinterfottøy.

Sidan kamikkar har mjuke solar som bøyer seg i lag med føtene, gjer dei at jegerar som bruker dei kan gå svært stille. Ein kan også spinga, stå på tå og tilmed dansa i kaimikkar.[3] Sidan støvlane er svært lette, sit dei på foten ved hjelp av friksjon, og ein treng ikkje bruka skosnøre.

Støvlane blir ofte laga med ein sole som er bøygd rundt foten og opp, slik at saumen er på toppen og sida av foten og ikkje på botnkanten. Dette hindrar slitasje på saumen og lekkasjar.

Fridtjof Nansen skreiv i Paa ski over Grønland frå 1890 om korleis austgrønlendarane berre var kledde i natit, minimale skrittklede, og kamikkar innandørs.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mukluk» (på engelsk). Canadian Icons. Arkivert frå originalen 17. april 2019. Henta 20. mars 2019. 
  2. «What Are Mukluks?» (på engelsk). www.wonderopolis.org. Henta 20. mars 2019. 
  3. «Mukluk». The Canadian Encyclopedia. Historica Canada. 20. oktober 2015. Henta 18. august 2019.