Mulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mulde
elv
Mulde nær Bad Düben.
Land  Tyskland
Lengd 124 km
Kjelde Zwickauer Mulde og Freiberger Mulde
 - høgd 63 moh.
Munning Elbe
Kart
Mulde
51°52′08″N 12°13′52″E / 51.868888888889°N 12.231111111111°E / 51.868888888889; 12.231111111111
Wikimedia Commons: Mulde

Mulde er ei elv i Sachsen og Sachsen-Anhalt i Tyskland og ei av sideelvane til Elbe frå venstre med ei lengd på 124 km. Ho har sitt utspring nær Colditz, der elvane Zwickauer Mulde (som kjem frå Zwickau) og Freiberger Mulde (med Freiberg langs breidda) renn i saman. Begge desse har sine utspring i Erzgebirge. Frå her renn elva nordover gjennom Sachsen (Grimma, Wurzen, Eilenburg, Bad Düben) og Sachsen-Anhalt (Jeßnitz og Dessau, den gamle hovudstaden i Anhalt). Mulde munnar ut i Elbe 3 km nord for Dessau.

I august 2002 førte ein flaum til store øydeleggingar, som truga verdsarvstaden «Dessau-Wörlitzer Gartenreich» og byen Dessau. Særleg byane Döbeln og Grimma vart hardt råka.

Namnet kan kanskje kome frå det gamaltyske (mogelegens gotisk) «Mulda», som tyder «støv», og som er i slekt med det norske ordet mold. Meir sannsynleg kjem det frå det tyske ordet «mahlen», som tyder «å kverne». Derfor tyder Mulde sannsynlegvis «den kvernande elva» etter dei mange vasskvernene som låg langs elva i eldre tider. I dag ligg det vasskraftverk langs elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mulde