Mulfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°39′13.8″N 15°4′21.8″E

Flyfoto frå aust av Nordfolda med Hjartøya og Mulfjorden litt til venstre for midten
Foto: Erlend Bjørtvedt

Mulfjorden er ein fjordarm av Folda i Steigen kommune i Nordland. Fjorden ligg på austsida av Hjartøya i Steigen og strekkjer seg 4 km nordover til Nordfolda.

Fjorden har innløp mellom Nisvikodden i vest og Mulneset i aust og endar i nord mellom Åslundodden på Hjartøya og garden Mulen, som har gjeve namn til fjorden, i aust. Multindan ligg på austsida av fjellet og strekkjer seg opp til 1108 meter over havet på det høgaste. Revsfjorden går austover på sørsida av Mulneset.