Mulhacén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mulhacén
fjell
Land  Spania
Område Granada
Fjellkjede Sierra Nevada
Høgd 3 478,6[1] moh.
Primærfaktor 3 285[2] m
Lettast tilkomst til fots
Førstestiging ukjend (før 1500)[3]
Koordinatar 37°03′12″N 3°18′41″W / 37.05333°N 3.31139°W / 37.05333; -3.31139[1]
Kart
Mulhacén
37°03′12″N 3°18′41″W / 37.053333333333°N 3.3113888888889°W / 37.053333333333; -3.3113888888889
Wikimedia Commons: Mulhacén

Mulhacén er det høgaste fjellet i det kontinentale Spania og på Den iberiske halvøya. Fjellet ligg i fjellkjeda Sierra Nevada i Cordillera Penibética. Det er kalla opp etter Abu l-Hasan Ali, eller Muley Hacén som han vert kalla på spansk, den nestsiste kongen av Granada på 1400-talet, som i følgje segna er gravlagd på toppen av fjellet.

Sjølv om fjellet ikkje er særleg høgt er Mulhacén det høgaste fjellet i Europa utanfor Kaukasus og Alpane. Det er høgare fjell på både Kanariøyane og Grønland, men desse høyrer ikkje geografisk til Europa. Fjellet har òg den tredje høgaste primærfaktoren i Vest-Europa etter Mont Blanc og Etna og er det 64. mest prominente fjellet i verda.[2] Fjellet er verken særleg bratt eller dominerande. Sørsida av fjellet er slak og er ikkje teknisk vanskeleg å forsere. Nordaustsida er noko brattare, medan nordsida er bratt og har fleire forholdsvis bratte ruter på snø og is om vinteren.[3]

Ein kan nå toppen av Mulhacén på ein dag frå landsbyane Capileira eller Trevélez, men det er vanlegast å overnatte i fjellhytta i Poqueira.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dokument frå Spansk Kartbyrå.
  2. 2,0 2,1 Ultraprominente fjelltoppar i Europa på peaklist.org
  3. 3,0 3,1 Lindsay Griffin, «Mulhacén», i World Mountaineering, Audrey Selkeld, redaktør; Bulfinch Press, 1998, ISBN 0-8212-2502-2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]