Mulino i Nizjegorod oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°18′36″N 42°56′24″E / 56.31000°N 42.94000°E / 56.31000; 42.94000


Mulino (russisk skrift Му́лино) er eit landleg område i Volodarsky-distriktet i Nizjegorod oblast i Russland. Folkesetnaden er 13 008 (folketeljinga 2010, 11 711 i 2002). Telefonkode: +7 83136. Postnummer: 606083.

Militært øvingsområde [endre | endre wikiteksten]

Ei lokal avis skildrar Mulino som "omgjeve av militære einingar". Eit viktig anlegg i området er Mulino øvingsomåde for russiske landstyrkar, som i september og desember 2007 var gjenstand for felles amerikansk-russiske militære øvingar, ein del av serien med kodenamn "Torgau" (etter byen i Tyskland som vert rekna som del av den felles militære historia i båe land).[1][2] Felles øvingar i Mulino var opphavleg planlagt for 2006 ("Torgau-2006"), men vart avlyst, moglegvis på grunn av protestar frå enkelte lokale grupper mot at utanlandske militære troppar var til stades på russisk jord.[3]

Mellom militære einingar oppført av Kommersant-Vlast i 2002 på Mulino var 34. artilleridivisjon, 99. sjølvdrevne artilleriregiment (3. MID), 211. artilleri-øvingsbrigade, 245. motoriserte infanteriregiment (3 MID), 752. motoriserte infanteriregiment,  237. og 100. stridsvognregimenter (3. MID), ei anna eining, og ein straffebataljon. Hovudkvarter for 3. motoriserte infanteridivisjon (3. MID) var i nærleiken av Nizjnij Novgorod. Det er òg ein straffebataljon på staden.[4] Fleire militære reorganiseringer har no (2016) skjedd. 
 

I 2014 vart eit nytt øvingssenter sett opp i Mulino -  i samsvar med ei avtale inngått med Rheinmetall i Tyskland - verd €100-millionar. Det er eit øvingsområde på brigade-storleik for simulering av kampsituasjonar og øving av trefftryggleik med militære våpen. På grunn av Ukraina-krisa i 2014 og Russland si deltaking i konflikten i Ukraina og sanksjonar pålagd av EU mot Russland, måtte Rheinmetall avlysa denne avtala med det russiske Forsvaret.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russian Ministry of Defense
  2. Ramstein
  3. Russians confirm postponement of training exercise with[daud lenkje]
  4. 28-Apr-2007
  5. 2014 Russian military intervention in Ukraine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Государственно-правовой департамент Нижегородской области. Приказ №3-од от 27 января 2016 г. "Об утверждении реестра административно-территориальных образований, городских и сельских населённых пунктов Нижегородской области". Опубликован: "Нижегородская правда", №27(26048) (начало) и №30 (26051) (окончание), 19 и 26 марта 2016 г.Mal:RussiaAdmMunRef