Mulla Krekar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mulla Krekar

Verkeleg namn Najmuddin Faraj Ahmad. arabisk skrift نجم الدين فرج أحمد), kurdisk Necmedîn Farac Ehmed
Statsborgarskap Irak
Fødd 7. juli 1956 (67 år)
Suleimania
Yrke imam, lærd, sjølvbiograf
Språk norsk, engelsk, Kurdiske språk, arabisk, persisk
Medlem av Ansar al-Islam
Religion Sunniislam
Straff ubetinget fengsel
Nettstad https://www.krekar.co/
Mulla Krekar på Commons

Najmuddin Faraj Ahmad (7. juli 1956), betre kjend som Mulla Krekar,[a] er ein irakisk kurdar som lenge var busett i Noreg.

Ahmad kom til Noreg som kvoteflyktning frå Nord-Irak i 1991. Han var leiar for den islamistiske grupperinga Ansar al-Islam frå oppstarten i 2001. Både Krekar og Ansar al-Islam står på Sambandsstatane og SN si terrorliste. Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane har rekna han som ein aktiv støttespelar for organisasjonen Al-Qaida sidan 8. desember 2006.

Mulla Krekar har kone og fire barn som alle har fått innvilga norsk statsborgarskap. Ahmad sjølv fekk ikkje innvilga sin søknad fordi norske styresmakter meinte han er ein fare for tryggleiken til riket. Dei sende han likevel ikkje attende til heimlandet Irak, fordi dei reknar med at han kunne verta avretta der.

I 2020 vart han utlevert til Italia og fengsla der.[1] I 2. kvartal 2020 vart han flytta frå fengsel i Roma til Badu 'e Carros-fengseletSardinia.[2]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nemninga «mulla» er eit kallenamn, og ikkje i denne samanhengen ein formell tittel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zondag, Martin H. W. (26. mars 2020), «I dette fengselet skal Krekar sitte nå: Rammet av korona-opptøyer», NRK (på norsk bokmål), henta 4. april 2020 
  2. Krekar overført til høysikkerhetsfengsel. TV2. Vitja 30. juni 2020
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.