Mullethalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mullethalvøya
Flyfoto av Mullethalvøya
Land  Irland
Kart
Mullethalvøya
54°12′27″N 10°02′57″W / 54.207557°N 10.049171°W / 54.207557; -10.049171
Wikimedia Commons: Mullet Peninsula

Mullethalvøya (engelsk Mullet Peninsula, Leithinis an Mhuirthead) – også kjend som The Mullet (An Mhuirthead) og tidvis også Erris-halvøya – er ei halvøy i det gamle baroniet Erris i County MayoIrland. Ho er danna av ein stor odde som er bunden fast til fastlandet ved Belmullet (Béal an Mhuirthead), ein by med rundt 2 000 innbyggjarar, av eit smalt eid. Det ligg fleire landsbyar på Mullethalvøya, mellom anna Aughleam, Elly, Corclough og Binghamstown. Ho er rundt 33 km long og 12 km brei på sitt breiaste, og rundt 200 metres på sitt smalaste. Det nordlegaste punktet er Erris Head. Halvøya har ei hårnålsform som dannar to bukter, Blacksod Bay og Broadhaven Bay.

Kart over County Mayo med with the Mullethalvøya markert oppe til venstre.

Mullethalvøya er del av det gælisktalande området, Gaeltacht, og irsk er det vanlegaste språket her. Det finst fleire irskspråklege sommarskular her. Mullet er også eit turistmål. Halvøya har fleire strender og eit mildt klima. Ein kan driva med golf, vassport, kiting, båtliv og fiske.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namna Mullet og an Mhuirthead er uklart. Dei kan ha kome frå irsk Muileat eller an Mhuileat, som er blitt omsett som 'eid[et]'.[1] Bernard O'Hara føreslår i Mayo: Aspects of its Heritage at eit lydskifte frå 'L' til 'R', som kan opptre på irsk, kan ha ført til forma an Mhuireat, som så blei til an Mhuirthead. Eit anna forslag er at namnet kjem frå engelk og viser til fiskeslaget mullet (multe eller forma sporeklinge, som i heraldikken kan kallast mullet.[2]

Historie og kultur[endre | endre wikiteksten]

Dairbhilekyrkja frå mellomalderen

Soknet Kilcommon nordaust for Mullet har fleire synlege førhistoriske monument, som megalittiske graver. Utanfor kysten av Mullethalvøya ligg det fleire øyar, som Inishkea Islands, Inishglora og Duvillaun. Der er fyr på andre småøyar utannfor kysten på Blackrock og Eagle Island.[3]

Saint Deirbhle heritage centre er eit museum ved Aughleam nær sørenden av halvøya, og omfattar ei boksamling og historisk informasjon om området. Den gamle Dairbhilekyrkja og St. Deirbhile's Well, ei heilag kjelde som skal lækja augeproblem, ligg nokre miles frå museet.[4]

Glosh tower på Termon Hill er eit av 82 signaltårn frå napoleonstida som blei bygd av engelskmenennene i 1801-1806, og har utsyn over området.[5]

På Glosh Beach står det skulpturar.[6]

Strandtorn ved Termoncarragh

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Placenames Database of Ireland: Belmullet (archival records)
  2. O'Hara, Bernard. Mayo: Aspects of its Heritage. 1982. s. 79
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. juli 2010, henta 15. juli 2020 
  4. http://www.museumsofmayo.com/deirbhile1.htm
  5. «Glosh Tower». Henta 23. mars 2017. 
  6. ">«Glosh beach is full of surprises». Henta 23. mars 2017.