Multifunksjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein multifunksjon f: A --> P(B) er ein funksjon frå ei mengd A til potensmengda til ei mengd B.

Bakgrunn for definisjonen[endre | endre wikiteksten]

Ein funksjon er ei tilordning f: A --> B slik at for alle a i A finst ein unik b = f(a) i B. Ein multifunksjon er uformelt ein «uekte» funksjon der b ikkje er unik. Til dømes er den inverse funksjonen til ein funksjon ofte ein multifunksjon. Den formelle definisjonen gjeve ovanfor sikrar at me likevel har med ein funksjon å gjera, sidan me let funksjonen ta mengder i staden for enkeltelement. Døme: f(x) = 'alle y slik at y2 = x' er ein multifunksjon, når f(4) = {-2,2}.