Multirolleradio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Multirolleradio (MRR) er eit militært VHF-mobilradiosystem for taktisk samband. Systemet er berekna på tale- og dataoverføring i frekvensbandet 30-88 MHz. MRR kan senda tale, data og tekstmeldingar med høg tryggleik. Tryggleiken  vert oppndd ved kryptering, frekvenshopping og spreitt spektrum modulering. MRR vert òg brukt som relé.

Systemet er utvikla ved Forsvarets forskningsinstitutt for det norske forsvaret og Nato for operativ bruk i felt. MRR-systemet vart utvikla på 1990-talet, med første prototype i 1993. Systemet vert produsert og vidareutvikla av Kongsberg Gruppa. I Noreg er 7000 MRR-radiosett til bruk i alle forsvarsgreiner under innkjøp, og innfasingen av systemet byrja i 1999. Kongsberggruppa produserer no ca. 1600 einingar i året. Kontrakt for leveranse av systemet er òg inngått for levering til Ungarn.

Dei eksisterande bærbare radioane i MRR-systemet er relativt store og tunge (12 kg. med batteri), og vert bore i ryggpakning. MRR-systemet skal difor kompletterast med eit MRR-kompatibelt handhalde radiosett, primært berekna for korthald direktesamband mellom radioar utan å gå via basestasjon.

Lett feltradio (LFR)[endre | endre wikiteksten]

Kongsberg Gruppa marknadsfører dei handhaldne MRR-radiosetta under typenemninga MH 300, men den vert kalla i forsvarssamanheng gjerne Lett Feltradio (LFR) (900g, 195x78x42mm. og 50 cm. lang antenne). Den fungerer omtrent som MRR (berbar) eller MBU (køyretøymontert) med tanke på teknologi. Den har endå avgrensa høve for høg sendareffekt og vil dermed ikkje no like langt.

Eksterne lenkjer[endre | endre wikiteksten]