Mumbai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mumbai
by
Land  India
Del av Konkan
Areal 603 km²
Folketal 15 414 288 (2018)
Kart
Mumbai
19°4′33″ N 72°52′39″ E
Wikimedia Commons: Mumbai

Mumbai (tidlegare Bombay) er ein by som ligg på vestkysten i India. Byen er hovudstaden til den indiske delstaten Maharashtra, og er ein av dei største byane i verda.

Mumbai har ei god naturleg hamn som etter Singapore er den beste i Asia. På grunn av dette blei Mumbai ein stor handelsby under det britiske styret, og er enno rekna som hovudstaden til indisk næringsliv. Den indiske sentralbanken har hovudkontor i Mumbai, og Mumbai sin børs er den viktigaste i India. Nesten 40 % av inntektsskatten i India blir betalt i Mumbai. Den indiske filmindustrien, «Bollywood», er også basert i Mumbai.

Mumbai-området har vore busett i svært lang tid. Ein finn buddhistiske holetempel og kloster som er meir enn to tusen år gamle. Men byen er likevel ganske ny og vart berre grunnlagd i 1668 av Det britiske austindiske kompaniet. Dei sju øyane i Bombay, som vart samla til ein felles landmasse, utgjorde grunnlaget. Byen voks fort og gjekk frå 10 000 ibuarar i 1661 til 50.000 i 1675. I 2004 hadde Mumbai om lag 19.400.000 ibuarar. Eigedommar i Mumbai er dei dyraste i India, og 49 % av ibuarane må derfor bu i slummar. Dharavi i Mumbai er kjend som den største slummen i Asia.

Men Mumbai har meir enn berre folk og slummar. Det finst mange historiske og kulturelle stadar i byen, nokre av dei mange tusen år gamle, og byen har fått tre verningsprisar frå UNESCO. Byen inneheld til og med ein jungel med løver og kvite tigrar.

Mange forskjellige folkegrupper bur i Mumbai. Religiøse grupper som finst der inkluderer Bene Israel og Baghdadi-jødar, parsarar, bahaiar, kristne, muslimar, buddhistar, jainar, sikhar og sjølvsagt hinduar. Det mest brukte språket i Mumbai er bambaiya, ei forenkla utgåve av hindi. Andre språk som er brukt inkluderer marathi, gujarati, tamil, malayalam, urdu, hindi, portugisisk og engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mumbai