Never Forget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mundu eftir mér)
«Never Forget»
Eurovision Song Contest 2012
Land Island
Artist(ar) Gréta Salóme Stefánsdóttir og Jón Jósep Snæbjörnsson
Alias Gréta Salóme og Jónsi
Språk Engelsk
Komponist(ar) Gréta Salóme
Låtskrivar(ar) Gréta Salóme
Resultat
Semifinalepoeng 75
Semifinaleplass 8
Finalepoeng 46
Finaleplass 20
Island i Eurovision Song Contest
«Coming Home»
(2011)
«Never Forget» «Ég á líf»
(2013)

«Never Forget», tidlegare «Mundu eftir mér», var det islandske bidraget i Eurovision Song Contest 2012, framført på engelsk av Gréta Salóme og Jónsi.

Söngvakeppni Sjónvarpsins 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen var ein av dei to vinnarane i den fyrste semifinalen i Söngvakeppni Sjónvarpsins 2012 og gjekk vidare til finalen der han vann. Han fekk dimed representere Island i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer to i den fyrste semifinalen, etter Montenegro med «Euro Neuro» av Rambo Amadeus og før Hellas med «Aphrodisiac» av Elefthería Eleftheríou.

Bidraget fekk ti poeng frå Danmark og Finland, åtte poeng frå Kypros, seks poeng frå Spania, fem poeng frå Belgia, Hellas, Latvia og Montenegro, fire poeng frå Ungarn, Israel og Sveits, tre poeng frå San Marino, to poeng frå Austerrike og Moldova og eitt poeng frå Italia og Russland. Island fekk til saman 75 poeng og enda på åttandeplass av totalt 18 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen.

Songen starta som nummer sju i finalen, etter Russland med «Party for Everybody» av Buranovskiye Babushki og før Kypros med «La La Love» av Ívi Adámou.

Bidraget fekk sju poeng frå Finland, seks poeng frå Ungarn, Estland og Danmark, fem poeng frå Noreg, fire poeng frå Spania, Slovenia og Slovakia, tre poeng frå Tyskland og eitt poeng frå Kypros. Island fekk til saman 46 poeng og enda på 20. plass av totalt 26 bidrag.

Før Eurovision Song Contest 2012 vart tittelen på songen endra frå «Mundu eftir mér» til «Never Forget» og teksten vart skriven om frå islandsk til engelsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]