Mungåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mungåt (frå norrønt mungát, av munr, 'glede' og gát, 'det ein får, føde') er ein svak øltype som tradisjonelt blei brygga på norske gardar. Det blei teke opp att av bryggjeri i nokre år før første verdskrigen.[1]

I seinare tid har ordet også blitt omtydd til 'munngodt',[2] det vil seie noko som er godt å eta eller drikka. Denne tydinga har vore mykje brukt på dansk.[3]

Den opphavlege tydinga av mungåt ser ut til å ha vore ulike typar heimebryggja, innanlandsk øl.[2] Det blir ofte omtalt som ein svak øltype eller lettøl.[4][5]

I 2014 opna serveringsstaden Mungåt Ølbar i Egersund.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mungåt», Store norske leksikon, 14. april 2015 
  2. 2,0 2,1 «mungåt» i Nynorskordboka.
  3. Mund-godt, Ordbog over det danske Sprog
  4. mungåt i Norsk Ordbok
  5. Hansa-reklame, Fylkestidende for Sogn og Fjordane, 09.11.1939, arkivert frå originalen 29. oktober 2017, henta 28. oktober 2017, «Da biskopen av Bergen i 1322 drog ut på visitasreise, skulde han ha en tønne bjor (sterkt øl) og 1 tønne mungåt (lett øl) pr. døgn på hver prestegård, mens han oppholdt sig der.» 
  6. Mungåt Ølbar Arkivert 2021-01-27 ved Wayback Machine., henta 27. oktober 2017.
  7. Søk etter mungåt[daud lenkje] ved dalane-tidende.no