Munkatreppene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Munkatreppene, eller Treppene er namnet på over 100 steinheller som ligg på 650 - 700 m.o.h. over Lofthus i Hardanger. I gamle dagar, når dei lokale bøndene skulle ha kyr og hestar opp på Hardangervidda, gjorde treppene det lettare for dyra å koma seg opp.

Namnet Munkatreppene kjem av at ein trur det var munkane frå det gamle klosteret i Opedal som la ned hellene og slik bygde treppene. Namnet er omstridt, fordi ein ikkje kan vita sikkert om det faktisk var munkane eller bøndene som stod bak. Sjølv om hellene vert kalla Munkatreppene på folkemunne, står det likevel berre Treppene på informasjonsskiltet der dei ligg.

Munkatreppene ligg i nærleiken av fjelltoppen Nosi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

visitullensvang.no Arkivert 2007-03-30 ved Wayback Machine.