Munkedamsveien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′43.502″N 10°43′36.934″E

Munkedamsveien på eit parti der gata inngår i Ring 1.
Oslo Konserthus har sin hovudinngang som ei innebygd bru over Munkedamsveien, med tilkomst frå Ruseløkkveien. Sceneinngangen er frå Munkedamsveien.
Foto: Hans A. Rosbach

Munkedamsveien er ei gate i Oslo som går frå ei etter måten stor rundkøyring i nærleiken av søraustre hjørnet av Slottsparken, der likeeins gatene Stortingsgata, Henrik Ibsens gate, Frederiks gate og Ruseløkkveien møtast, og endar i Drammensveien på Skillebekk i Oslo.

På fyrste parten av strekninga går Munkedamsveiene i sørvestleg lei ned til ei rundkøyring der det mellom anna er på- og avkjørsle frå Europaveg 18 i retninga til og frå Drammen, og inngår på denne strekninga i det gatesystemet som vert skilta som Ring 1. Frå denne rundkøyringa går vegen i nordleg og nordvestleg retning fram til Drammensveien på Skillebekk, stengd for gjennomkøyring frå rundkøyringa for anna trafikk enn rutebuss, syklistar og fotgjengarar. Munkedamsveien framstår difor ikkje som ei samanhengande trafikkåre over heile strekninga.

Namnet Munkedamsveien fekk gata i 1852, då ho vart tillaga som offentleg veg. Tidlegare hadde vegen vore privat over løkka med namnet Munkedammen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]