Munktells Mekaniska Verkstad
Munktells Mekaniska Verkstad | |||
Org.form | Aktiebolag | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1832 | ||
Hovudkontor | Eskilstuna | ||
Land | Sverige |

Munktells Mekaniska Verkstad var eit føretag grunnlagt av Theofron Munktell i Eskilstuna i 1832, under namnet «Eskilstunas Mekaniska Werkstad»[1]. Dei viktigaste produkta til føretaket var damplokomotiv, lokomobilar, dampvegvalsar, treskjeverk og traktorar[1], men det vart òg produsert fleire andre maskinar. Føretaket hadde ein dominerande position på den svenske marknaden, men dei eksporterte òg produkta sine til andre land.
Histori
[endre | endre wikiteksten]
Munktells var eit privat føretak fram til 1879, då det vart omgjort til eit aksjeselskap, kalla «Munktells mekaniska verkstads aktiebolag». Forutan lokomotiv gjekk mange av produkta, som treskjeverk, lokomobilar, etc., til jordbruket, så avsetninga var noko følsam for økonomiske svingningar innan landbruket. I 1917 kjøpte Munktells E.V. Beronius Mek. Verkstadsaktiebolag i Eskilstuna, som produserte vertøymaskiner for treindustrien. Dette gjorde at føretaker vart litt mindre følsam for konjunktursvingningar innan jordbruket.
Rett etter 1. verdskrig gjekk salet kraftig attende, både på grunn av svak konjunktur og på grunn av at det vart slutt på leveransane til Russland etter oktoberrevolusjonen. I tillegg førte den finske borgarkrigen, rett etter at dei reiv seg laus frå Russland, til at den finske marknaden kollapsa. Dette resulterte i kraftige innskrenkningar, men situasjonen betra seg noko i 1920, då Munktells, saman med Nohab, frekk ein ordre på 1000 lokomotiv frå Sovjetunionen. Men dette var likevel ikkje nok til å berga føretaket frå å gå konkurs. I samband med konkursoppgjeret vart nokre av fabrikklokala overdregne til samarbeidspartnaren Nohab, mot at dei overtok skulda til Munktells. Som ein del av avtalen fekk Munktells attkjøpsrett til lokala. I 1923 vart føretaket vidareført som «Munktells Verkstads Nya Aktiebolag»[1]. Då lokomotivleveransane til Sovietunionen gjekk mot slutten enda Nohab opp med å utføra arbeid på bestilling frå Munktells og i 1925 klarte Munktells å løysa inn fabrikklokale frå Nohab. I 1927 vart det gamle namnet «Munktells mekaniska verkstads aktiebolag» teke i bruk att.
Lågkonjukturen på 1920-talet førte til at Munktells ikkje fekk inn nok bestillingar til å utnytta kapasiteten til fabrikkane sine. I 1929 vart Avansemotor (tidlegSvensons Motorfabrik) i Augustendal i Nacka, på initiativ frå Handelsbanken, teken over av Munktells. Avansemotor produserte råoljemotorar og traktorar, så Munktells vart kvitt ein konkurent. Men fabrikkane til Nohab tilførte enda meir produksjonskapasitet, så samanslåinga løyste ikkje problemet med den ledige produksjonskapasiteten. I 1932 fekk Handelsbanken ordna det slik at Bolinders Mekaniska Verkstad i Stockholm vart fusjonert med Munktells Mekaniska Verkstads. Det nye føretaket fekk namnet AB Bolinder Munktell.
Produkt
[endre | endre wikiteksten]Hovudprodukta på 1800-talet var dampmaskinar, lokomobilar dampvegvalsar og treskjeverk[1]. Seinare vart damplokomotiv og traktorar viktige produkt. Men Munktells produserte òg mange andre maskinar. Til saman var det rundt 30 ulike produkt, og fleire vart produserte i ulike versjonar og storleikar[1]. Forutan sal på den svenske marknaden vart mange av produkta eksporterte til land som Argentina, Brasil, Russland[2]. Rundt århundreskiftet tok føretaket til med å utvikla råoljemotorar, og i 1905 vart det sett i gång produkasjon av ein-sylindra råoljemotorar. Men dette var små motorar og produksjon av lokomobilar, damplokomotiv og dampvegvalsar held fram.
Lokomobilar
[endre | endre wikiteksten]
I 1853 tok produksjonen av lokomobilar til. Det var flyttbare dampmaskinar som vart nytta til å driva treskjeverk, kvernar, steinknusarar, osb. Dei enklaste lokomobilane hadde hjul, men ikkje drift på hjula, så vart flytta med hestar. Det vart òg produsert sjølvkøyrande lokomobilar, som var i stand til å slepa treskjeverk når dei vart flytta mellom ulike gardar.
Lokomotiv
[endre | endre wikiteksten]Då utbygginga av jarnbanen i Sverige tok til på 1950-talet vart det bruk for lokomotiv. Det fyrste svenske lokomotivert vart produsert av Munktells. Det vart levert i 1953 og vart kalla «Förstlingen». I tidsbolken 1853-1893 produserte Munktells 31 lokomotiv til dei svenske jarnvegane. Fram til 1921 vart det levert 7000 lokomotiv[2], så dette vart etter kvart eit av dei viktigaste produkta til føretaket.
Treskjeverk
[endre | endre wikiteksten]Munktells tok til å produsera treskjeverk i 1859 og saman med lokomobilane vart dette eit av dei viktigaste produkta.
Traktorar
[endre | endre wikiteksten]Type 30-40
[endre | endre wikiteksten]
Den fyrste traktoren til Munktells, med typebetegnelsen 30-40, kom på marknaden i 1913[1]. J.V. Svensons Motorfabrik hadde teke til med produksjon av motorplogar i 1912, men Munktells 30-40 var den fyrste svenskproduserte traktoren som ikkje hadde fast montert plog. Det var ein stor traktor mynta på pløying med ein 4- eller 5-skjers plog. Typenemninga var relatert til ei normal-effekt på 30 hk og ei maksimal-effekt på 40 hk.
Motoren var ein vassavkjølt glødehovudmotor med to vertikale sylindrar, med diameter på 200 mm og ei slaglengd på 230 mm, så slagvolumet var på 14,45 liter. Motoren var utstyrt med ein sentrifugalregulator, som held turtalet konstant på 550 o/min. Når det vart teke ut maksimal effekt på 40 hk var det naudsynt å spruta inn vatn i tennkulene for å hindra at temperaturen vart for høg. Vassinnsprutinga vart utført av ei pumpe, men føraren laut manuelt regulera kor mykje vatn som skulle sprutast inn, etter kor stor belastninga var. Radiatoren var av den såkalla «kjeletypen», der vatnet vart avkjølt ved at det var i kontakt med horisontale røyr som lufta strauma gjennom.
Som andre traktorar på denne tida var 30-40 bygd på ei stålramme, der motoren, radiatoren, transmisjonen og akslingane var bolta fast. Det var ikkje seta på traktoren, så føraren laut stå å køyra, men førarplattforma var fjørande opphengt. Traktoren hadde såkalla automobilstyring, dvs. at framhjula svinga om vertikale svingboltar ute ved hjula. I høve til mange nordamerikanske traktorar på denne tida, der heile framakselen svinga, gav dette meir presis styring. Å styra traktoren i ei rette linje ved pløying kravde likevel sin mann, ettersom begge hjulgangane gjekk på upløyd mark.
Drivhjula hadde ein diameter på 2100 mm og ei breidd på 600 mm. Tilsvarande dimensjonar for styrehjula var på 1500 mm og 225 mm. Traktoren ei lengd på 5780 mm, ei breidd på 2300 mm og ei høgd på 3400 mm. Bremsletanken hadde eit volum på 140 liter og kølesystemet rymde 380 liter. Total masse med full brenseltank var 8300 kg[3]. Det var tre hastigheiter framover (2,8, 3,6 og 4,4 km/t) og ei hastigheit attover (3,6 km/t). Traktoren var utstyrt med reimskive som roterte med 430 o/min.
Traktoren var kostbar og tungkøyrd, så salet gjekk treigt. I tidsbolken 1913-1915 vart det produsert berre 31 stk. Mange av dei vart seld til gods i Sverige, men nokre vart eksporterte til Danmark, Russland og Tyskland. Den 5. traktoren som vart produsert står i dag på Munktellsmuseet i Eskilstuna.
Type 20-24
[endre | endre wikiteksten]

Produksjonen av Type 20-24 tok til i 1916. Dette var ein mindre traktor enn Type 30-40, med ein masse på 4200 kg, beregna på a dra ein tre-skjers plog. Motoren var ein ein-sylindra glødehovudmotor, med liggande sylinder. Motoren var tverrstilt, så det var ikkje bruk for pinjong/kronhjul, som på denne tida ofte var eit svakt punkt. Normal- og maks-effekta vart fyrst oppgjevne til 18 og 20 hk, og typebetegnelsen var 18-20. Men etter ei tid vart effekten oppgjeven til 20 og 24 hk, og typebetegnelsen vart endra til 20-24. Som for Type 30-40 arbeidde motoren med konstant turtal, men på 20-24 var dette på 400 o/min. Som på type 30-40 var radiatoren var av «kjeletypen», men på 20-34 var han tverrstilt.
Lengda var på 3800 mm, breidda på 1850 mm og ei høgd på 2350 mm. Diameteren på drivhjula var på 1500 mm og breidda var på 500 mm. Tilsvarande dimensjonar på framhjula var 950 mm og 250 mm. Det var to hastigheiter framover, på 2,4 og 2,7 km, og ei hastigheit attover på 2,7 km/t. Traktoren var utstyrt med reimskive som roterte med 400 o/min[4].
Som type 30-40 var type 20-24 bygd på ei stålramme, der motoren, radiatoren, transmisjonen, akslingane osb. var bolta fast. Det var montert sete for føraren, men sjølv om 20-24 var meir letthandterleg enn 30-40 var han nok ikkje direkte lettkøyrd. Det vart produsert 328 stk. i tidsbolken 1916-1920. Av desse var 8 stk 18-20. At traktoren kom på marknaden under 1. verdskrig hemma truleg salet på grunn av dårleg tilgang på drivstoff.
Type 22 hk
[endre | endre wikiteksten]
I 1921 innførte Munktells ny traktor, kalla Munktells 22 hk[1], som erstatta den noko alderdomlege Type 20-24. I 1921 var 22 hk ein moderne traktor, der motor, girkasse og bakaksel utgjorde ein sjølvberande konstruksjon, som resulterte ein lett og kompakt traktor. Gir og differensial var utstyrte med kule- og rullelager og arbeidde i oljebad, noko som reduserte slitasjen i høve til traktorar der motor, girkasse og bakaksel var bolta til ei bærande ramme. Truleg var konstruksjonen inspirert av Fordson F og Kullervo.
Motoren var ein 2-sylindra Munktells glødehovudmotor som arbeidde med eit konstant turtal på 700 o/min. Sylinderdiameteren var på 160 mm og slaglengda var på 180 mm, så slagvolumet var på 7,24 liter. Effekta vart opphavleg oppgjeven til 22 hk (normal) og 26 hk (maks)[5], men seinare vart dette endra til 26 hk (normal) og 30 hk (maks)[6]. Motoren var langsstillt, med eit vinkeldrev plassert rett etter koplinga, så akslingane med tannhjula i girkassen var parallelle med bakakselen.
Det var tre hastigheiter framover (3,5, 4,5 og 5,8 km/t) og ei hastigheit attover (2,6 km/t). Reimskiva roterte med same turtal som motoren (700 o/min). Drivhlula hadde ein diameter på 1150 mm og ei breidd på 275 mm. Tilsvarande dimensjonar for framhjula var 800 mm og 168 mm. Akselavstanden var på 1680 mm. Traktoren hadde ei lengd på 2800 mm, ei breidd på 1820 mm og ei høgd på 2500 mm (målt til toppen av luftinntaket). Høgda utan luftinntak var var oppgjeven til 1675 mm, noko som var av interesse om ein skulle køyra inn i bygningar (det var ikkje noko vertikalt eksosrøyr å ta omsyn til). Traktoren hadde ein masse på 2580 kg.
Munktells 22 hk, som var berekna til å dra ein 2-skjers plog, var så kompakt at han kunne kjørast med høgre hjul i fåra. Dette, saman med at traktoren var lettare og smidigare enn føregangaren Type 20-24, gjorde at det var enklare å få rette furer. I tidsbolken 1921-1934 vart det produsert 1579 stk. Den låge produksjonen hang saman med dei dårlege konjekturane på denne tida, men det kan òg vera at mange gardbrukarane enda ikkje var overtydde om at traktorane kom til å ta over for hestane.
Type 30 hk
[endre | endre wikiteksten]Munktells 30 hk var ein større versjon av 20 hk, dimensjonert for å dra ein 4-skjers plog, noko som var viktig på den argentinske marknaden[1].
Motoren var av same type som i type 22, men sylinderdiameteren var auka til 180 mm og slaglengda til 200 mm[5], så slagvolumet var på 10,1 liter. Turtalet var redusert til 650 o/min. Normal og maks effekt var opphavleg oppgjevne til 30 respektivt 36 hk[5], men seinare vart dette endra til 36 respektivt 40 hk[6].
Det var tre hastigheiter framover (3,6, 4,8 og 6,0 km/t) og ei hastigheit attover (2,7 km/t)[5]. Dimensjonane på hjula var noko større enn på type 22 hk: drivhjula hadde ein diameter på 1300 mm og ei breidd på 375 mm. Tilsvarande dimensjonar for framhjula var 800 mm og 208 mm. Akselavstanden var auka til 1780 mm. Med desse endringane fekk traktoren ei lengd på 3050 mm, ei breidd på 1900 mm og ei høgd på 2560 mm (målt til toppen av luftinntaket). Massen var på 3150 kg.
Produksjonen av Type 30 hk tok til i 1927 og heldt fram til 1935. I denne perioden vart det produsert berre 500 stk. og dei fleste gjekk til eksport.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Lokomotiv ÖSIJ nr 2 Lessebo, produsert av Munktells. Dette lokomotivet gjekk på den smalspora jarnbanen mellom Kosta og Lessebo, som opna i 1891.
-
Lokomotiv bygd av Munkells i 1891, etter teikningar frå Decauville i Frankrike.
-
Munktells Typ MTC treskjeverk.
-
Munktells lokomobil Typ H.
-
Flytting av Munktells lokomobil med hest.
-
Munktells Typ CB dampvegvals, produsert i tidsbolken 1910-1915.
-
Munktells vegvals med glødehovudmotor av type 20-24.
-
Munktells 20-24 sett attanfrå.
-
Munktells type 20-24 på Karlslunds herrgård, på 1930-talet.
-
Pløying med Munktells 20-24 ved Noregs landbrukshøgskule på Ås.
-
Munktells Type 22 utstillt på Teknikens och sjöfartens hus i Malmö.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Hedell, O., Från Munktells till Valtra - en 75-årig traktorepok, LRF Media, 2000.
- ↑ 2,0 2,1 H. Niskanen, Från Munktells till Valtra, Valtra Inc., 2000.
- ↑ Munktells 30/40, Salgsbrosjyre, Munktells Mekaniska Verkstads AB, 1913.
- ↑ Munktells 20/24, Salgsbrosjyre, Munktells Mekaniska Verkstads AB, 1916.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Munktells traktor handbok, AB Munktells 1930.
- ↑ 6,0 6,1 Munktells traktorer för drift med råolja, AB Munktells 1935.