Gane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Munntak)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gane
06-06-06palataltori.jpg
Bilde av ganen sett frå munnhola.
Detaljar
Latinpalatum
Arteria palatina descendens
Plexus pterygoideus og plexus pharyngeus
Sensorisk: Nervi palatini
Nodi lymphatici cervicales profundi
Identifiers
TAA05.1.01.102
FMA54549
Anatomisk terminologi

Gane, gom eller munntak (latin palatum) er den delen av munnen som skil han frå nasehola.[1] Han er danna av den harde ganen (palatum durum) framme og den blaute ganen (palatum molle) eller ganeseglet inn mot svelget.[2]

Den harde ganen er sett saman av overkjevebeinet (maxilla) og ganebeinet (os palatinum) og kledd med ei fastvoksen slimhinne. Den blaute ganen er danna av bindevev og muskulatur med ei slimhinne utanpå. Midt på den bakre kanten av denne ganen heng drøvelen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]