Mursteinfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mursteinfjorden er ein fjord i Flatanger kommune i Trøndelag. Fjorden ligg mellom fastlandet og ei rekkje øyar i nord og vest og strekkjer seg 8 km søraustover til grenda Sitter.

Fjorden startar i nord på sørsida av øya Skingen der sundet Rekkøyråsa strekkjer seg sørover frå Folda. På vestsida ligg øyane Ellingen, Bjørøya, Lindøya, Riøya, Steinøya og Feøya.

Fv215 går langs austsida av fjorden.


Koordinatar: 64°33′58.100″N 10°54′36.396″E