Musa Kusa
| Musa Kusa | |||
| | |||
| Fødd | 23. mars 1949 (77 år) Tripoli | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Libya | ||
| Parti | Libyan Arab Socialist Union | ||
| Religion | sunniislam | ||
| Yrke | diplomat, politikar | ||
| Utdanna ved | Michigan State University | ||
| Alle verv | |||
Musa Kusa (òg transibert som Mussa Kussa og Moussa Koussa, arabisk: موسى كوسا) (fødd 23. mars 1949) er ein libysk politikar og diplomat som var utanriksminister 2009-2011.
Kussa tenestegjorde 1980 som Libysk ambassadør i London, og han var etterretningssjef i Libya mellom 1994 og 2009. I mars 2009 etterfølgde han Abdel Rahman Shalgham som utanriksminister.[1] 30. mars reiste han til London via Tunisia, og meddelte at han ville hoppe av, sidan han ikkje lenger kunne stø regimet til Gadafi.[2]
Utdanning og arbeid
[endre | endre wikiteksten]Mussa Kussa tok på 1970-talet ein mastergrad i sosiologi ved Michigan State University i USA, før han reiste heim for å arbeide i heimlandet.[3] Han gjorde diplomatisk karriere og var de facto ambassadør i Storbritannia frå 1979 til 1980, då han vart utvist frå Storbritannia som følgje av ein kommentar om at to libyske dissidentar som budde i London ville bli drepne.[2] Tilbake i Libya vart han etterkvart kjend som ein av dei næraste arbeidarane til Gadafi. Britiske styresmakter har mistenkt han for å ha spelt ei sentral rolle i planlegginga av åtaket på Lockerbie i 1988.[4]
Mussa Kussa vart utnemnd til utanriksminister 4. mars 2009. Han skal ha hatt ein sentral posisjon i den diplomatiske heilomvendinga Libya gjennomførte etter tusenårsskiftet, der regimet øydela dei kjemiske våpna sine og vart teke inn i varmen att av fleire vestlege land.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Libyan intelligence chief named FM in reshuffle. AFP 4. mars 2009.
- 1 2 Aftenposten 31.03.2010
- ↑ sv:Mussa Kussa
- ↑ NRK 31.03.2010