Musala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musala
fjell
Musala sett frå Jastrebets. Ein kan òg sjå fjellhytta Musala og uvêrshytta Everest.
Land  Bulgaria
Fjellkjede Rila
Høgd 2 925 moh.
Primærfaktor 2 473 m
Lettast tilkomst Hengebane frå Borovets, og så ein gåtur.
Koordinatar 42°10′47″N 23°35′12″E
Kart
Musala
42°10′45″ N 23°35′7″ E
Wikimedia Commons: Musala

Musala (bulgarsk Мусала) er den høgaste fjelltoppen i Bulgaria og på heile Balkan med ei høgd på 2 925 meter.

Namnet kjem frå Mus Allah, ‘fjellet til Allah’, og vart namngjeve då Bulgaria var ein del av Det osmanske riket. Det gamle namnet på fjellet var Tangra.

Musala er ein del av Rila nasjonalpark, og er kjend for ein rik flora, inkludert artar som makedonsk furu og bulgarsk gran, og fauna. Området er eit av dei beste for å sjå fuglen murkrypar. Det vert sagt at frå toppen av fjellet kan ein sjå all dei store fjellkjedene i Bulgaria. Desse inkluderer Vitosja i nordvest, Sredna Gora mot nordaust, Balkanfjella i den nordlege horisonten bak Vitosja og Sredna Gora, Rodopifjella i søraust, Pirin i sør, Osogovo og Ruj i vest, i tillegg til sjølve Rila.

Den lettaste ruta til topps er anten ein direkte gåtur frå skisenteret Borovets, 10 km lenger nord. Det finst òg ein hengebane frå Borovets til Jastrebts på 2 369 m og ei rekkje fjellhytter. Frå Jastrebets er det ein times gåtur opp til fjellhytta Musala på 2; 430 meter, og frå her tar det 1,5-2 timar opp til uvêrshytta Everest, den høgastliggande fjellhytta i Bulgaria. På toppen står det òg ein vêrstasjon.

Dei høgaste toppane er Musala på 2 925 m, Litle Musala på 2 902 m og Iretsjek på 2 852 m.

Tre av dei største elvane i Bulgaria, Iskar, Maritsa og Mesta, har alle utspring nær Musala.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]