Muscat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 23°36′N 58°35′E
Muscat
مسقط, Masqat
by
none  Muscat Gate
Muscat Gate
Land Flag of Oman.svg Oman
guvernement Muscat guvernement
Koordinatar 23°36′N 58°35′E
Areal 3 500 km²
Folketal 1 288 330 (mai 2015) [1]
Folketettleik 368 / km²
Tidssone Oman standard time (UTC+4)
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Muscat
Nettstad: http://www.mm.gov.om/english

Muscat (arabisk مسقط, Masqaṭ) er hovudstaden i Oman. Han er òg sete for styret og den største byen i guvernementet Muscat. I følgje det omanske statistiske sentralbyrået, var folketaltet i Muscat 1,28 millionar i mai 2015.[1] Byområdet strekkjer seg over kring 3 500 km[2] og omfattar seks provinsar kalla wilayatar. Byen har vore kjend sidan første hundreåret evt. som ein viktig hamneby mellom vesten og austen, og har blitt styrt av forskjellige stammer og stormakter som Persia, Det portugisiske imperiet og Det osmanske riket til forskjellige tider i historia. Muscat var ei regional militærmakt på 1700-talet og strekte makta si så langt som til Aust-Afrika og Zanzibar. Som ein viktig hamneby i Omanbukta, trekte Muscat til set utanlandske handelsfolk og nybyggjarar som persarar og balutsjiar. Etter at Qaboos bin Said tok over trona som sultan i Oman i 1970, har Muscat opplevd ein rask utvikling av infrastruktur med ein blømande økonomi og multietnisk samfunn.

Dei vestlege Al Hajar-fjella dominerer landskapet i Muscat. Byen ligg ved kysten av Arabiahavet langs Omanbukta og ligg i nærleigen av det strategisk viktige Hormuzsundet. Låge, kvite bygningar er typisk for det urbane landskapet i Muscat, medan hamnedistriktet Muttrah, med corniche og hamn, dannar den nordaustlege utkanten av byen. Økonomien i Muscat er dominert av handel, petroleum og hamna.

Namnsoge[endre | endre wikiteksten]

Klaudios Ptolemaios sitt Arabiakart identifiserer området som Cryptus Portus[3] og Moscha Portus.[4] Forskarar er delt i om kven av dei to som synte til byen Muscat. Arrianus refererte òg til Omana og Moscha i Reisa til Nearchus. Tolkinga av verket til Arrianus av William Vincent og Jean Baptiste Bourguignon d'Anville konkluderte med at Omana synte til Oman, medan Moscha synte til Muscat.[5] Andre forskarar meiner at Plinius den eldre sin referanse til Amithoscuta var Muscat.[3]

Opphavet til ordet Muscat er omstridd. Somme meiner at ordet har arabisk opphav – frå moscha, som tyder svulstig hud eller skinn.[6] Andre meiner namnet Muscat tyder ankerplass.[7] Andre tolkingar av muscat er frå gammalpersisk, for sterk lukt,[8] eller frå arabisk i tydinga fallande stad,[9] eller løynd.[10] Cryptus Portus er synonymt med Oman («løynd land»). Men «Ov-man» (Omman), og det gamle sumeriske namnet Magan (Maa-kan), tyder havfolk på arabisk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter busetnad i området kring Muscat datert attende til 5000-talet fvt. i Ras al-Hamra, der ein har funne gravplassen til fiskarar. Gravene verka å vere godt utforma og indikerer at det utført gravritual. Sør for Muscat har ein funne restar av Harappa-keramikk, som indikerer kontakt med folk i Indusdalen.[11] Muscat var kjend som hamneby alt i det første hundreåret av den greske geografen Klaudios Ptolemaios, som kalla han Cryptus Portus («den løynde hamna»), og av Plinius den eldre, som kalla han Amithoscuta.[12]

Hamnebyen fall til sassanidane under ein invasjon på 200-talet, under Shapur I,[13] medan området og byen vart omvendt til islam på 600-talet. Muscat fortsette å vekse som ein viktig hamneby i hundreåra som følgde, påverka av Azd-dynastiet, som var ei lokal stamme. Det første imamatet vart grunnlagd på 800-talet og var det første steget i å samle dei omanske stammefraksjonane under ein Ibadi-stat. Striden mellom dei forskjellige stammene fortsette, og det gjorde at abbasidane frå Bagdad kunne erobre Oman. Abbasidane okkuperte området fram til 1000-talet, då dei vart drivne bort av den lokale Yahmad-stamma. Makta i Oman gjekk over frå Yahmad-stamma til Azdi Nabahinah-klanen, og under desse bølmde hamner som Muscat med sjøfart og handel i India, medan folket i det indre av Oman vart framandgjort.

Sultan Qaboos bin Said-palasset i Muscat.

Den portugisiske admiralen Afonso de Albuquerque segla til Muscat i 1507, i eit forsøk på å opprette handelssamband. Då han segla mot hamna, vart han skoten på. Han valte derfor å erobre Muscat. Det meste av byen brende ned under og etter kampane.

Muscat hamn, kring 1903. I bakgrunnen ligg Fort Al Jalali.
Muscat med sultanpalasset i midten av byen. Bilete av Arne C Wærn, Sverige, 1913
Muscat hamn under fyrste verdskrigen.

Portugisarane hadde eit fotfeste i Muscat i over hundre år, trass i press frå Persia og eit bombardement av byen av osmanske tyrkarane i 1546.[14] Tyrkarane erobra Muscat to gonger frå portugisarane, i erobringa av Muscat i 1552 og 1581-88. Valet av Nasir bin Murshid Al-Ya'rubi som imam av Oman i 1624 endra maktbalansen igjen i regionen, frå persarar og portugisarar til lokale omanarar. Den 16. august 1648 sende imamen ein armé til Muscat. Byen vart erobra og dei høge tårna til portugisarane rivne ned, og grepet deira om byen vart svekka. I 1650 gjekk ein liten styrke av soldatane til imamen til åtak mot hamna om natta, og tvang portugisarane til å overgje seg den 23. januar 1650.[15] Ein borgarkrig og fleire åtak frå den persiske kongen Nadir Shah på 1700-talet destabiliserte regionen, og førte til eit ytterlegare anstrengd forhold mellom det indre og Muscat. Dette maktvakuumet i Oman førte til at Al Bu Sa'id-dynastiet tok over makta, og dei har styrt over Oman sidan den gong.[16]

Marinen og militæret til Muscat vart oppretta på ny på 1800-talet av Said bin Sultan, som signerte ein avtale med den amerikanske presidenten Andrew Jackson sin representant, Edmund Roberts, den 21. september 1833.[17] Då han fekk kontroll over Zanzibar, flytta Said i 1840 hovudstaden sin til Stone Town, den gamlebydelen i Zanzibar by. Då han døydde i 1856 mista Oman kontrollen over Zanzibar då det vart eit sjølvstendig sultanat under den sjette sonen hans, Majid bin Said (1834/5–1870), medan den tredje sonen, Thuwaini bin Said, vart sultan i Oman. På andre halvdel av 1800-talet, gjekk det dårlegare for Al Bu Sa`id og striden med imamane i det indre dukka opp att. Muscat og Muttrah vart angripne av stammer frå det indre i i 1895 og igjen i 1915.[18] Ein mellombels våpenkvile vart mekla fram av britane, som gav det indre meir sjølvstende. Konfliktane mellom stammene i dei indre områda, og med sultanen av Muscat og Oman heldt fram inn i 1950-åra, og eskalerte til slutt til Dhofar-opprøret (1962). Opprøret tvang sultan Said bin Taimur til å søke assistanse hos britane i å roe ned opprøret i dei indre områda. 26. april 1966 førte eit mislykka attentat mot Said bin Taimur til ytterlegare isolasjon for sultanen, som hadde flytta residensen sin frå Muscat til Salalah under borgarkrigen. Den 23. juli 1970 gjorde Qaboos bin Said, sonen til sultanen, eit blodlaust[19] statskupp i Salalah-palasset med støtte frå britane, og tok over som herskar.

Med støtte frå britane enda Qaboos bin Said Dhofar-opprøret og samla dei stridande stammene. Han gav landet namnet sultanatet Oman (tidlegare vart det kalla Muscat og Oman), i eit forsøk på å ende den indre isolasjonen frå Muscat. Muscat internasjonale lufthamn vart bygd i Seeb-distriktet i Muscat. Eit kontorkompleks, lagerhus, butikkar og hus omgjorde den gamle landsbyen Ruwi i Muttrah til eit handelsdistrikt.[20] Den første femårsplanen for utvikling i 1976 la vekt på utvikling av infrastrukturen i Muscat, som førte til nye høve for handel og turisme i 1980- og 1990-åra, og trekte til seg mange immigrantar frå regionen rundt. Den 6. juni 2007 råka syklonen Gonu Muscat og førte til store skadar på eigedom, infrastruktur og handel.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det kuperte terrenget i Muscat, med Al Hajar-fjella.
Muttrah-corniche om kvelden.

Den nordlege vendekrinsen går like sør for området. Byen grensa i vest til slettene i Al Batinah-regionen og i aust til Ash Sharqiyah-regionen. Dei indre slettene i Ad Dakhiliyah-regionen grensa til Muscat i sør, medan Omanbukta ligg nord og vest for byen. Vatnet langs kysten av Muscat er djupt, og her er to naturlege hamner, i Muttrah og Muscat. Al Hajar-fjella går gjennom den nordlege kystlinja av byen.

Al Sultan Qaboos-gata er hovudåra i Muscat, og går frå vest til aust i byen. Gata vert etter kvart Al Nahdah-gata nær Al Wattayah. Fleire vegar i byen, som Nizwa-vegen og Al Amrat-vegen, kryssar Al Sultan Qaboos-vegen. Muttrah, med Muscat hamn, corniche og Mina Qaboos ligg nordaust i byen ved kysten. Andre kystdistrikt i Muscat er Darsait, Mina Al Fahal, Ras Al Hamar, Al Qurum-høgdene, Al Khuwair og Al Seeb. Av bustad- og handelsbydelar lenger inn i byen finn ein Al Hamriyah, Al Wadi Al Kabir, Ruwi, Al Wattayah, Madinat Qaboos, Al Azaiba og Al Ghubra.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Muscat har eit heitt, tørt klima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med lange og særs varme somrar og varme vintrar. Årsmiddelnedbøren i Muscat er kring 100 mm, og det meste kjem frå desember til april. Generelt er det lite nedbør i Musvat, og fleire månader er det ofte ingen nedbør i det heile. I nyare år har byen stundom blitt råka av kraftig regnfall i samband med tropiske system i Arabiahavet som har sveipa innom byen. Syklonen Gonu i juni 2007 og syklonen Phet i juni 2010 råka byen med kraftig vind og nedbørsmengder på meir enn 100 mm på berre ein enkelt dag. Klimaet er generelt særs varmt og temperaturane kjem ofte opp i 40 °C om sommaren. Luftfukta om sommaren er 40-60 %, som er høgt for så høge temperaturar.

Klimadata for Muscat
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 34.2 37.0 41.4 44.0 47.0 48.3 49.2 46.8 43.6 42.0 37.8 33.0 49,2
Normal maks. temp. °C 23.5 26.1 29.8 34.7 37.5 40.4 38.6 36.2 35.3 34.0 29.5 27.1 32 73
Døgnmiddeltemp. °C 19.4 21.9 24.8 28.7 32.3 35.5 34.0 32.3 30.4 29.5 24.7 22.0 27 96
Normal min. temp. °C 15.3 17.6 19.7 22.7 27.1 30.6 29.4 28.4 25.5 24.9 19.9 16.9 15,3
Kulderekord °C 11.5 12.5 14.4 17.5 19.6 24.5 25.0 23.3 23.0 17.5 14.3 14.4 11,5
Nedbør (mm) 12.8 24.5 15.9 17.1 7.0 0.9 0.2 0.8 0.0 1.0 6.8 13.3
relativ fukt 63 64 58 45 42 49 60 67 63 55 60 65 57,6
Normale månadlege solskinstimar 268.6 244.8 278.3 292.5 347.4 325.7 277.7 278.6 303.9 316.9 291.9 267.0 3 493,3
Kjelde: NOAA (1961-1990) [21]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Muscat Securities Market i det sentrale forretningsstrøket.

Økonomien i Muscat, er som økonomien i Oman, dominert av handel. Tradisjonelle eksportvarer frå byen er dadlar, perlemor og fisk. Mange av soukane i Muttrah sel framleis desse varene og tradisjonelle omansk kunst. Petroleum Development Oman (PDO) har vore sentral i økonomien til Muscat sidan minst 1962 og er den nest største arbeidstakaraen i landet, etter staten. Store aksjonærar i PDO er Royal Dutch/Shell, Total og Partex og produksjonen til selskapet er rekna å vere kring 720 000 fat olje om dagen. Muscat har òg store handelskompani som Suhail Bahwan Group, som er ein handelspartner med selskap som Toshiba, Subaru, Seiko, Hewlett Packard, General Motors, RAK Ceramics; Saud Bahwan Group som er handelspartnar med Toyota, Daihatsu, KIA og Hertz Rent-a-Car; Zubair Automotive som er partnar med Mitsubishi og Chrysler-merke som Dodge; og Moosa AbdulRahman Hassan som driv eit av dei eldste sjølvbergande byråa i heile regionen sidan 1927.

Muscat Securities Market er den viktigaste børsen i Oman. Han ligg i det sentrale forretningsstrøket i Muscart og vart oppretta i 1988.

Mina'a Sultan Qaboos er hamna i Muscat og er eit handelsknutepunkt mellom Persiabukta, India og Det fjerne austen med eit årleg volum på kring 1,6 millionar tonn. Jebel Ali frisone i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata, har gjort hamna til den viktigaste handelshamna i regionen med kring 44 million tonn last årleg. Mange infrastruktur-anlegg er eigd og drivne av staten. Omantel er ein stor telekommunikasjonsorganisasjon i Oman og er den einaste Internett-selskapet i landet. I nyare tid har liberalisering av mobilmarknaden ført til at selskapet Nawras har oppstått.

Muscat er heimbyen til storkonsernet Ck Industries som har hovudkvarter i Ruwi.[22]

Flyselskapet Oman Air har hovudkontoret sitt ved Muscat internasjonale lufthamn.[23][24]

Kjende landemerke[endre | endre wikiteksten]

Byen har mange moskéar som Sultan Qaboos stormoské, Ruwi-moskeen, Saeed bin Taimoor- og Zawawi-moskeen. Ein finn òg nokre sjiamuslimske moskear her.

Muscat har fleire museum. Av desse finn ein Museum for omansk kulturarv, Nasjonalmuseet i Oman i Oman barnemuseum al Zubair i Oman utstillingssenter for olje og gass, Det omansk-franske museet, Sultans våpenmuseum og Omansk akvarium og marint vitskap- og fiskerisenter.[25] Bait Al Falaj Fort spelte ei viktig rolle i militærhistoria til Muscat.

I nyare tid opna eit operahus den 14. oktober 2011.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Hovudflyplassen er Muscat internasjonale lufthamn kring 25 km frå forretningsstrøket i byen og 15-20 km frå bustadområda Al-Khuwair, Madinat Al Sultan Qaboos, Shati Al-Qurm og Al-Qurm.

Muscat-området har eit godt vegnettverk med samband til dei andre storbyane i landet. Muscat og Oman har ikkje togsamband, og det er berre avgrensa busstilbod. Det mest populære kollektivtilbodet er Baiza-bussar, som er billige og tilgjengeleg i dei fleste områda.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 http://www.ncsi.gov.om/News/Pages/NewsCT_20150628133452428.aspx
  2. الدراسات الاجتماعية. Ministry of Education, Sultanante of Oman. 
  3. 3,0 3,1 Foster (1844), p.231.
  4. Foster (1844), p.241.
  5. Foster (1844), p.173.
  6. Foster (1844), p.173
  7. Miles (1997), p.468.
  8. Hailman (2006), p.49.
  9. Philips (1966), p.4.
  10. Room (2003), p.246.
  11. Rice (1994), p.255-256
  12. Foster (1844), p.234.
  13. Potter (2002), p.41.
  14. Miles (1997), p.167
  15. Miles (1997), s. 196.
  16. Miles (1997), p.256.
  17. Cotheal, Alexander I. (2008-01-17). "Treaty between the United States of America and the Sultân of Masḳaṭ: The arabisk Text". Journal of the American Oriental Society (free) (JSTOR) 4 (1854): 341–343. JSTOR 592284. 
  18. JE Peterson's Britannica entry (1990), p.6.
  19. Long (2007), p.188.
  20. Middle East Policy (2004), p.128
  21. «Seeb Climate Normals 1961-1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. ftp://dossier.ogp.noaa.gov/GCOS/WMO-Normals/RA-II/OM/41256.TXT. Henta December 19, 2012. 
  22. «Amtek». Amtek.ae. http://amtek.ae/about.html. Henta 2014-02-18. 
  23. «Contact Us». Omanair.com. http://www.omanair.com/wy/about-us/global-offices. 
  24. «Direct image link» (JPG). Omanair.com. http://www.omanair.com/wy/sites/all/files/about-us/images/contact_banner.jpg. Henta 3. desember 3, 2010. 
  25. «Museums». Omanet.om. http://www.omanet.om/english/turisme/entert/museums.asp?cat=tour&subcat=entert1. Henta January 18, 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Muscat

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Muscat frå Wikivoyage