Musculus teres major

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Musculus teres major
Teres major.PNG
Frå baksida ser ein korleis m. teres major (i raudt) ligg samanlikna med dei andre musklane som bind overekstremiteten til ryggsøyla.
M. teres major sett bakfrå.
Norsk namn Den store runde muskelen
Gray's subject #123 442
Utspring Den bakre delen av den nedre skulderbladskanten, angulus inferior scapulae.
Feste    Kanten til den vesle beinknuten på overarmsbeinet, crista tuberculi minoris humeri.
Arterie A. subscapularis og vidareføringa a. circumflexa scapulae.
Nerve N. subscapularis frå plexus brachialis.
Rørsle Innoverrotasjon av overarmsbeinet.

Musculus teres major (frå latin teres – «rund», major - «stor»), på norsk somtid òg kalla den store runde muskelen, er ein rund skuldermuskel som går frå nedst på skulderbladet og til øvst på overarmsbeinet. Han er innervert av n. subscapularis og innoverroterer overarmsbeinet.

Han er òg med på å forme den bakre aksillefolden saman med m. latissimus dorsi og m. teres minor og dannar den nedre begrensinga av det laterale og mediale aksillehòlet.

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Musculus teres major
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.